TV-aksjonen, Sunnfjord 2024

Årets TV-aksjon er sundag 20. oktober og går til Barnekreftforeninga. 

TV-aksjonen sitt vippsnummer: 2133  og kontonummer: 8380 08 09005

​Sjå TV-aksjonen si offisielle nettside

PS: det blir registrert i statistikken for heimkommunen din nå du vipsar eller overfører, for banktransakjonen sporar kva kommune du høyrer til.

Annakvar dag får eit born i Noreg kreft, og kvar veke blir 11 born fødde med hjartefeil. Når eit born blir alvorleg sjuk, råkast heile familien.

For pengane frå TV-aksjonen skal Barnekreftforeninga etablere familiehus i nærleiken av universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Oslo og Bergen. Her skal born med alvorleg sjukdom og deira familie lett kunne bevega seg mellom sjukehuset og familiehuset. På den måten kan heile familien vera samla, finne ro og leve eit meir normalt kvardagsliv i ein vanskeleg situasjon.
 

I Sunnfjord kommune blir det i hovudsak digital innsamling gjennom Vipps og bankkontonummer. Det blir ikkje tradisjonell dør til dør aksjon med bøsser.

Aksjonskomiteen frå førre aksjon

seks medlemmar av komiteen - Klikk for stort bileteTorill Hukset, Atle Hamar, Jenny Følling, Håkon Myrvang, Anne Lilleaasen og Henrik Nordal. Sunnfjord kommune

#tvaksjonensunnfjord

Kontakt

Profilbilde av Jenny  Følling
Jenny Følling
Ordførar
E-post
Telefon 57 61 27 03
Mobil 47 90 59 90