Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Har du ei funksjonsnedsetting og treng hjelp i kvardagen, kan du søke om brukarstyrt personleg assistanse (BPA).  Brukarstyrt personleg assistent (BPA) er ein alternativ måte å organisere praktisk bistand og opplæring på for personar med nedsett funksjonsevne. Med BPA tar ein på seg ansvaret med å organisere assistansen gjennom rolla som arbeidsleiar.

Kven kan få tilbodet?

Brukarstyrt personleg assistanse er for personar med omfattande bistandsbehov og som sjølv kan ivareta rolla som arbeidsleiar. Nærståande kan og påta seg rolla som arbeidsleiar eller vere medarbeidsleiar. Barn kan og få tenesta, då er foresatte arbeidsleiar.

  • BPA passar best til yngre med funksjonsnedsetting som ønsker å leve eit sjølvstendig liv. Målet er at ein får høve til eit aktivt, og mest mogleg uavhengig liv til tross for funksjonsnedsettinga.
  • Du må vere under 67 år og ha eit langvarig (over 2 år) og stort behov (minst 32 timar per veke) for personleg assistanse.
  • Har du eit hjelpebehov mellom 25 og 32 timar per veke kan du ha rett til å få dette organisert som brukarstyrt personleg assistanse dersom kommunen ikkje kan dokumentere at det fører til vesentleg auka kostnader. 

Brukarstyrt personleg assistent kan organiserast på ulike måtar. Kommunen kan organisere tenesta, eller gjere avtale med ansre aktørar som tilbyr slike tenester.

Kva får du?

Du får ein assistent som gir deg personleg og praktisk hjelp i kvardagen etter dine behov og ønsker. Du er sjølv arbeidsleiar for din assistent og styrer dermed:

  • kven du vil ha som assistent
  • tilsettingsprosessen
  • arbeidsoppgåver
  • arbeidsstad og arbeidstid

Om du ikkje sjølv kan vere arbeidsleiar for assistenten, kan nokon som kjenner deg godt ivareta rolla som arbeidsleiar.  

Slik søker du

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om brukarstyrt personleg assistanse.

Søk om helse- og omsorgstenester elektronisk

Søk om helse- og omsorgstenester papirskjema 

Send søknad til:

Sunnfjord kommune
Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde

Kva kostar det?

Du må betale eigenandel for praktiske oppgåver som krev eigenbetaling. Satsane vert regulert årleg etter vedtak i kommunestyret.

Prisliste for praktisk bistand

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

  • Det er tildelingseininga som behandlar søknaden din.
  • Dei kan ta kontakt med deg for å kartlegg ditt hjelpebehov. Det kan bli nødvendig å avtale eit heimebesøk.
  • Tildelingseininga vurderer om BPA er den mest tenlege måten å organisera hjelpa på. 
  • Tildelingseininga sender eit vedtak til deg etter at saka er behandla. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan tre veker, får du ei skriftleg melding om årsaka. 

Fritt brukarvalg

Sunnfjord kommune har frå desember 2023 innført fritt brukarvalg på tenesta brukarstyrt personleg assistanse.

Når du mottar vedtak om brukarstyrt personleg assistanse, kan du sjølv velge leverandør for tenesta. Sunnfjord kommune er ansvarleg for  å følge opp kvaliteten på tenesta uavhengig av kven som er arbeidsgjevar. Du betaler same eigenandel uavhengig av om du vel privat eller kommunal leverandør.

Nedanfor finn du liste med kontaktinformasjon over leverandørar som tilbyr BPA i Sunnfjord. Når du har funne den leverandøren du ønsker skal utføre vedtaket, tar du og leverandøren kontakt med kommunen for å inngå avtale.

Du kan seie opp tenesta frå privat leverandør eller kommunal teneste. Oppseiingstid er 3 månader.

 

Har du spørsmål, ta kontakt med

Tildelingseininga på telefon 57 72 20 00 kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00.

Kan du klage på vedtaket?

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Grunngi kvifor du klagar. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som siste klageinstans. 

Tenestestandard og lover