Varsling til innbyggarane

Når viktig informasjon må ut raskt, vil kommunen sende deg eit varsel på telefon. Varsling skjer ved at det blir sendt ut ein SMS til mobiltelefonar, og ei talemelding til dei som kun er registrert med fasttelefon.

Adressebasert varsling kan til dømes skje:

  • ved evakuering
  • når du må koke vatnet
  • ved vassbrot

Sunnfjord kommune brukar Varsling 24 for å varsle innbyggarane.

Les meir om Varsling 24

Om vi ikkje klarar å varsle via mobiltelefon eller radio, vil varsling skje fysisk ved bruk av kommunen sine tilsette, politiet, sivilforvaret, Røde kors m.v. Dette vil vere mest aktuelt  ved evakuering.

Varsling med tyfon eller sirener

Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg (tyfonar) er ein del av det norske beredskapssystemet som skal varsle befolkninga ved akutt fare i freds- og krigstid, som til dømes industriulukker eller krigshandlingar. 

Det finst om lag 1250 tyfonar plasserte i byar og tettstader. I Sunnfjord har vi éin tyfon, og han er plassert i Førde. Sivilforsvaret testar installasjonane to gonger i året, vanlegvis andre onsdag i månadene januar og juni.

Viktige signaler (tyfonar)

  • Viktig melding – søk informasjon: Tre seriar med eitt minutts opphald. Betyr at du skal sjekke radio, TV eller myndigheitane sine nettsider
  • Flyalarm: Korte støt i ca. eitt minutt. Betyr fare for angrep – søk dekning.
  • Faren over: Eitt langt støt i ca. eit halvt minutt. 


Kva gjer du?

Når du høyrer tyfonane ule (Viktig melding – søk informasjon), skal du:

Søk informasjon: Sjekk NRK, radio/TV, lokale medium eller nettsidene til styresmaktene.
Følg instruksjonar: Følg anvisningane frå politiet eller andre styresmakter.

Naudvarsel på mobil

I tillegg til de fysiske tyfonane, bruker norske myndigheiter nødvarsel på mobil  for å sende ut informasjon om akutte hendingar som truer liv og helse. Eit naudvarsel inneheld informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å beskytte deg sjølv. Naudvarsel er ei tjeneste frå norske myndigheiter. Det er politiet og Sivilforsvaret som avgjer kva område som skal varslast og som sender ut sjølve varselet.

Nødvarsel på mobil

Meir om Naudvarsel

Les meir om Sivilforsvarets varsling av befolkninga