Nyttige lenker
Min Skule-app og samtykke for elevane
Vi ønsker at alle føresette lastar ned og brukar appen "Min Skole - foresatt" til kommunikasjon mellom heim og skule.
Vi brukar Visma Flyt Skole og appen "Min Skole - foresatt" til kommunikasjon mellom heim og skule. Om du ikkje har høve til å laste ned appen, vil informasjon frå skulen kome på e-post i staden. Dersom du aldri får meldingar frå skulen, kan det vere at vi manglar e-postadressa di. Meld i så fall ifrå til oss, så vi kan få lagt inn rett e-postadresse.
Det kan hende at appen loggar av systemet om han er inaktiv over lengre periodar. Det kan difor vere lurt å opne appen og sjekke at du er logga inn etter ferie.
Vi ber alle om å gå inn på appen for å sjå etter at de har lagt inn samtykke til deltaking på ulike aktivitetar i skuletida. Vi er avhengige av å ha denne informasjonen i samanhengar som turdag, skulegudsteneste, utlevering av medisin o.a. Ta kontakt med skulen om du ikkje har tilgang til appen, eller av andre grunner ikkje får lagt inn samtykke.
Meir informasjon om Min skole app og nedlasting