Skulestart 1. klasse Førde barneskule 2025

Vi gler oss til å ta i mot dei nye førsteklassingane hausten 2025. Her finn du informasjon om foreldremøte, bli-kjend-dag, første skuledag og aktuelle skjema ved skulestart.

Informasjonsmøte før skulestart

Tid: Torsdag 27. mars klokka 17.30–19.00.
Stad: I amfiet, på Førde barneskule.

Innhald i møtet:

  • Orientering om Førde barneskule
  • Ein god skulestart
  • Informasjon om SFO

Invitasjonen til dette møtet er sendt ut via Visma Flyt Skole.

Velkomen til «Bli-kjend-dag» for barn og foreldre/ føresette!

Tid: Torsdag 5. juni klokka 09.30- 11.00
Stad: I amfiet, på Førde barneskule

Plan for dagen:

  • Omvising på skulen
  • Vere saman med klassen. Det blir aktivitetar både inne og ute
  • Alle barna får litt frukt

Hugs å kle deg etter veret!                                               
Du treng ikkje ta med skulesekk eller niste.

Informasjon om besøk i 1. klasse med barnehagen

Barna vil bli inviterte ein føremiddag, (19. eller 20. mai) saman med barnehagen, der dei får vere saman med årets 1. klasse.  Barnehagane får denne invitasjonen.

Klasseinndeling

Meir informasjon om dette kjem på foreldremøtet torsdag 27. mars.

Første skuledag

Vi byrjar måndag 18. august klokka 10.30, i gymsalen på Førde barneskule. 
Rektor ynskjer velkommen. Elevane får komme fram og helse på rektor og kontaktlærarane før dei går til klasserommet. Foreldre/føresette kan vere med så lenge det er behov.

Ta med matpakke og drikke. Hugs utekle og innesko.

Skuledagen sluttar klokka 14.30.

SFO er open om du ynskjer å gå innom for å gjere deg litt kjend.

Kontaktinformasjon føresette

Kvar enkelt føresett må logge seg inn i Visma Flyt Skole. 
Legg inn namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse. Du loggar deg inn med ID-porten (t.d. Bank-ID).

Logg inn i Visma Flyt Skole

Vi gler oss til å treffe elevane og foreldre/ føresette. Ta gjerne kontakt om det er noko.

Aktuelle skjema ved skulestart

Kontakt

Profilbilde av Therese Helland
Therese Helland
Rektor
E-post
Telefon 57 72 10 82
Mobil 91 59 17 51