Vi gratulerer Vassenden skule med eit nytt uteområdeEtter ein periode med venting og bygging vart eit etterlengta uteområde på Vassenden skule offisielt opna av ordførar Jenny Følling, tysdag 16. juni.Elevane deltok med song og fekk vist korleis dei nye apparata kan nyttast. Uteområdet er blitt flott med mange ulike aktivitetar, frå eit stort klatrestativ til ein spennande pumptrack bane som er svært populær. Det er fleire disser og ulike soner med ulike aktivitetar. Uteområdet innbyr til leik, fysisk aktivitet og sosialt samspel. Med det nye uteområdet har skulen fått eit etterlengta løft som arena i skuletida og møteplass utanom skuletid. Sjå bildegalleri frå opninga Sist endra 17.06.2026 11.57