Treng du hjelp til å få tak i strøsand?

Kasse med strøsand - Klikk for stort bilete Anne Lise Viken

Mange butikkar, bensinstasjoner og andre bedrifter har strøsand for sal, vi oppfordrar såleis innbyggarane til å nytte lokalt næringsliv for å skaffe seg strøsand til eige bruk.
Det kan hentast strøsand til dei som treng hjelp til slikt på desse stadane: Naustdal og Skei tenestetorg, Sande v/brannstasjonen, Førde i Firdavegen 12.

For dei som ikkje har høve til å skaffe seg strøsand på anna vis

Det er sett ut kassar med strøsand følgjande stader i kommunen:

  • Førde: Firdavegen 12
  • Naustdal: Tenestetorget (Tunavegen 14)
  • Gaular: Uteseksjonen v/brannstasjonen på Sande
  • Jølster: Tenestetorget Skei (Ospene 1)

Ta med bøtte / pose eller anna å ha sanden oppi. Det vil stå ytterlegare informasjon ved stadane der kassar med strøsand står.

Vi takkar alle som hjelper til med å hente sand og strø til dei som treng det.