Sunnfjord først i landet – nødinformasjon når internett ikkje virkar

Skulle det oppstå ein beredskapssituasjon og internett ikkje virkar, så har vi no ei ny løysing i innbyggarappen. Dette er ei av oppgåvene kommunen jobbar med i det nasjonale totalforsvarsåret 2026.

Last ned innbyggarappen og les viktig nødinformasjon òg når internett ikkje virkar

Innbyggarappen har ein ny funksjon som gjer at når internett ikkje virkar, så kan du likevel få fram nødinformasjon. Sunnfjord kommune er ein av dei første, eller kanskje faktisk den aller første kommunen i landet med denne funksjonen.

Om du går inn på appen når du ikkje har internett, så får du opp bildet som vist her. 

Der er det ein grå knapp med grønn skrift der det står; nødinformasjon.

Om du har lyst å utforske denne modulen, så er det berre å skru av wifi og mobilnett på telefonen og trykke inn på appen. Så veit du korleis dette fungerer til den dagen du eventuelt får brukt for det.

Skjemdup frå app - Klikk for stort bilete

 

Kva nødinformasjon kan du forvente å finne?

Det ligg ein hurtigknapp nede til høgre rett til nødnummer; 110, 112 og 113.

Nød-modulen består ellers av fleire boksar der vi tematisk har samla nødinformasjon som kan vere nyttig basert på ulike hendingar som kan oppstå.

Du vil finne ulike vaktnummer til aktuelle kommunale tenester. 

Skulle det oppstå meir alvorlege hendingar som ei atom-ulukke tildømes, så ligg det informasjon om utdeling av jodtablettar, offentlege tilfluktsrom og meir.

Kommunen har fleire beredskapspunkt i kommunen der du kan møte fysisk for å få informasjon når kommunikasjonen ellers er nede. Kvar desse er kan du finne oversikt over i appen.

Kommunen jobbar med ei rekke kartleggingar i samband med totalforsvarsåret. Vi vil derfor derfor oppdatere nødinformasjonen som ligg i appen etterkvart som vi har meir klart.

Skjemdup frå app - Klikk for stort bilete

 

Informasjon på engelsk

Nødinformasjonen er på norsk og engelsk. Fint om du hjelper ikkje-norskspråklege vener og bekjente med å laste ned appen sik at dei òg får viktig nødinfomasjon om det skulle bli nødvendig.

 

Last ned appen

Du må ha lasta ned appen før internett er nede for at du skal kunne få fram nødinformasjonen.

  1. Søk opp Innbyggerappen i App Store , Google Play og last ned
  2. Vel Sunnfjord kommune.


For å gi nødinformasjon til flest mogleg på denne måten, så treng vi at innbyggarar flest har lasta ned appen. Vi set derfor stor pris på om du fortel vener og familie om appen og denne funksjonen – tusen takk!

 

Informasjon om beredskap når du har internett

På framsida av nettsida til kommunen ligg det fast menypunkt med informasjon om beredskap. 

I innbyggarappen ligg det òg ein fast snarveg til informasjon om beredskap.

Nød-modulen er derfor meint å vere til hjelp i dei situasjonane vi ikkje har internett.