Parkeringsordning i sentrum sør

Kommunen har eit mellombels parkeringsanlegg  i sentrum sør, i samarbeid med Førde Sør og Førdepakken.  Dette for å sikre nok parkeringsplassar i sentrum sør. Bakgrunnen er ønske om å skape sirkulasjon, og at ingen blir ståande lenge. Parkeringa er tenkt til korttidsparkering.

Anlegget omfattar 66 parkeringsplassar, av desse er fire reservert for forflytningshemma. Det nye systemet er heilautomatisk. Kamera vil registrere inn- og utkøyringstidspunkt. 

Betaling kan du gjere på nett, i EasyPark-appen eller via automat på plassen. Om du ikkje betaler for parkeringa, vil du få tilsendt faktura med fakturagebyr i etterkant.

Dette kostar det å parkere

  • Dei første to timane parkerer du gratis. 
  • På kvardagar mellom klokka 9–16 kostar det 50 kr pr time etter gratisperioden. 

 

Resten av dei offentlege parkeringsplassane i sentrum sør er ikkje omfatta av ordninga, og kan framleis nyttast fritt. Etablering av ordninga må sjåast i samanheng med at det er oppretta langtidsparkering på Festplassen, slik at dei som skal parkere heile dagen framleis har eit parkeringstilbod.

Vi vil oppfordre

  • Alle som jobbar i sentrum sør om å nytte Festplassen til dagparkering, slik at også dei avgiftsfrie plassane i bydelen kan nyttast av kundar til dei som driv næring.
  • Dei som kan gå, sykle eller nytte kollektivtransport om å gjere det.

 

Vilkåra kan bli endra om plassane er for mykje eller for lite brukt. Det er kommunen som er operatør for ordninga.

 

Bakgrunn for ordninga

Bakgrunnen for ordninga er ønske frå grunneigarar og næringsdrivande i sentrum om å sikre nok parkering i sentrum sør.

Kommunen har ikkje mål om å tene pengar på dette. Eit eventuelt overskot vil gå til vidareutvikling av parkeringstilbodet.