Amanda Kvamme
Amanda har hatt musikken med seg heilt sidan barndommen. På kulturskulen hadde ho song hos Christine Marøy, gitar hos Harald Løkeland og piano hos Asbjørn Flåm – eit grunnlag som gav henne både tryggleik, breidde og ein naturleg trong til å uttrykke seg gjennom musikken. Då ho som elleveåring høyrde songpedagogen sin synge opera for første gong, opna det seg ei heilt ny verd. Frå den augneblinken visste ho kva retning ho ville gå.
Sidan har Amanda vore ei sterk og tydeleg musikalsk stemme – i Førde kammerkor, i rockeband, og seinare i Bergen, der ho fekk plass i Bergen Filharmoniske Kor, Edvard Grieg Ungdomskor og talentprogrammet GUT (Griegakademiets Unge Talenter). Her har ho utvikla seg vidare som klassisk songar, og møtt musikarar som har utfordra og inspirert henne.
Amanda ber på ein klar draum: å leve av klassisk song, skape musikk saman med andre og vere ein som løfter og rører folk gjennom stemma si. Ho ønskjer å lære, reise, prøve operaroller og vere eit førebilete – slik hennar eigne lærarar har vore for henne.
At ho no får Drømmestipendet, er ei tydeleg stadfesting av det store arbeidet ho legg ned, og av talentet og viljen som driv henne vidare. Vi er stolte av deg, Amanda, og gler oss til å følgje ferda di vidare.