Aktivitetstilskot 2025

Nærmiljøråda kan søke om tilskot til aktivitet, prosjekt og andre tiltak som bidreg til meir aktivitet og trivsel i nærmiljøet. 

Sunnfjord illustrasjon - Klikk for stort bilete Gregory Idehen

Aktivitetstilskot 2025

Kommunestyret har sett av 125 000 kr i årsbudsjett i 2025, for aktivitetstilskot. 

Utvalet for næring og miljø har vedteke følgande prinsipp for utdeling av tilskotet i møte 11. juni: 

  • Dei seks nærmiljøråda i kommunen kan søke om aktivitetstilskot.
  • Det kan bli søkt om støtte til aktivitet, prosjekt, utstyr eller anna tiltak som bidreg til 
    gode kvardagsliv i nærmiljøet.
  • Tiltaket bør vere ope for innbyggarane i lokalmiljøet.
  • Støtta er for enkeltløyving, ikkje for å dekke vanlege driftskostnader. 
  • Dei som får tilskot skal bruke midlane innan eitt år og sende ein kortfatta rapport med budsjett for bruk av tilskotet.
  • Søknadsfristen for aktivitetstilskotet er 1. september 2025. 
  • Utvalet for næring og miljø vedtek fordeling av aktivitetstilskotet i møte 17. september 2025. 

Søk innan 1. september

Nærmiljøråda kan søke om aktivitetstilskot, fristen for å søke er 1. september 2025.

Bruk søknadskjemaet under: 

Søknadsskjema for aktivitetstilskot 

Utvalet for næring og miljø fordelar midlane i møte 17. september.