Kommunale eigedomar

Informasjon om kommunen som grunneigar, nabo og forvaltar av kommunal eigedom.

Sunnfjord kommune er sjølv grunneigar eller festar av små og store teigar. Kommunen kan difor vere part i ulike saker, til dømes om gjerdehald, naboforhold, reguleringsplanar, byggetiltak, eigedomsgrenser eller frådeling.

Har du behov for å kontakte kommunen som grunneigar? Her finn du kontaktopplysningane våre.

Truls Hansen Folkestad

Nabovarsel til kommunen som grunneigar blir som regel sendt via AltInn, sjå rettleiar. Annan formell post kan du sende trygt via eDialog eller i brev til Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde.

I saker som gjeld kommunale vegareal kan du ta kontakt med eining for teknisk drift.