Føremål:
Bondens nettverk Sunnfjord skal vere eit støtteapparat som kan yte hjelp til bønder som møter særskilt krevjande utfordringar og/eller personlege kriser.
Døme på utfordringar/personlege kriser som kan løyse ut særskilt hjelpebehov:
- Helseproblem
- Rusproblem
- Økonomiske problem
- Hendingar som øydelegg store/viktige deler av bondens driftsapparat, t.d. brann, flaum og skred
- Samlivsbrot
- Dødsfall i nær familie
Nettverket skal medverke til å samordne dei rådgjevings-, støtte- og helsetenestene som bønder i Sunnfjord nyttar. Det skal vere etablert ei ressursgruppe med personar tilknytt nettverket som bønder skal kunne kontakte for å få hjelp i samband med utfordringar og personlege kriser. Uavhengig av kven som vert kontakta, i nettverket, skal bonden oppleve at han får eigna hjelp/rettleiing av dei aktørane som er relevante for den aktuelle utfordringa/krisa. Nettverket yter hjelp med mål om å førebygge personlege og dyrevelferdsmessige tragediar.
Ressursgruppa skal også kunne nyttast av naboar, pårørande, og andre, som er bekymra for at ein bonde står i ei krise/ein utfordrande situasjon, som bonden truleg treng hjelp til å handtere.