Fritidskortet 2026

Sunnfjord kommune har ei fritidskort-ordning som gir støtte til fritidsaktivitetar for barn og unge i husstandar med samla brutto årsinntekt under 560 000 kroner.

  • Fritidskortet har ny teknisk løysing frå 2026.  Skjema for lag og organisasjonar er no ope. Vi håpar mange registrerer seg og vil tilby bruk av Fritidskortet for sine aktivitetar. Skjema for innbyggaren til å søke om Fritidskortet opnar i januar.

 

Registrer deg som arrangør av aktivitetar

  • Registrer laget eller organisasjonen i skjemaet.

    Aktiviteten må føregå minimum 10 gonger i løpet av sesongen, og strekke seg over fleire månader.

    Aktiviteten må vere for barn og unge mellom 6-18 år. 

    Barna må få prøve aktiviteten før dei binder seg.

    Trenarar skal ha gyldig politiattest.

    For kvart barn mottar arrangør 800 kroner frå kommunen kvart år, for å dekke alle utgifter knytt til aktiviteten. Kostnader utover dette må arrangør dekke. Gjeld ikkje personleg utstyr. De sender ingen faktura til barnet som er påmeldt.

    Arrangør sender faktura til kommunen på inntil 800 kroner per barn. De vel sjølv om de vil sende fortløpande eller samla ved årsslutt 15. desember.  

Ofte stilte spørsmål for arrangørar som tilbyr bruk av Fritidskortet for sine aktivitetar

Lag og organisasjonar som tilbyr bruk av Fritidskortet

  •  

     

    Volleyballspalarar illustrasjon - Klikk for stort bilete

 

Søk om Fritidskortet

  • Bruk søknadsskjema for å søke om Fritidskort.

    Plassar blir tildelt til midlane er brukt opp. Det er sett av 100 000 kroner i 2026.

    Du må sende eit skjema per barn.

    Vi ber om at berre husstandar med samla brutto årsinntekt under 560 000 kroner søker. Dette for at tilbodet skal gå til dei som treng det mest.

  • Søk om Fritidskortet her (skjema blir lagt ut i januar)

    Tre ungdommar Gregory Idehen - Klikk for stort bilete

Ofte stilte spørsmål for brukarar av Fritidskortet

Kontakt

Fritidskortet
E-post

Om du skal sende personopplysningar send dei på eDialog