
Fordjuping
Fordjuping er eit tilbod til spesielt interesserte og motiverte kulturskuleelevar, til elevar som vil noko meir, er i alderen 13-19 år og som er elev i ein kulturskule i regionen. Du får ein sosial og fagleg møteplass med andre som har same interesse.
Fordjupingstilbodet skal fungere som ei forlenging av det vanlege tilbodet du har i kulturskulen din, og kan vere ei førebuing for dei som ynskjer å søke vidare til høgare utdanning innan faget.
Det vert stilt større krav til engasjement og fysisk oppmøte ved deltaking i eit fordjupingsprogram samanlikna med ordinær undervisning. Og det vert forventa heimearbeid/øving mellom samlingane.
Samlingane vil vere på Sunnfjord kulturskule (bak Førdehuset) i Førde. Det kan bli aktuelt å flytte stad, avhengig av kva og kven vi skal samarbeide med.
Fordjuping – visuell kunst
Open teiknelaurdag med Aud Marit Skarrebo Holmen
laurdag 31.8.2025 i tidsrommet kl 11 – 17
for elevar som kan tenke seg å starte på fordjuping, eller berre vil sjå kva tilbodet er.
Du må melde deg på innan 22.8.2025
Alder 13-19 år med plass til 16 elevar.
Etter teiknelaurdagen kan du søke inn til ordinært fordjupingstilbod i kunst. Her får elevane undervisning av ulike profesjonelle kunstnarar innafor deira spesialfelt.
Tilbodet har 8 elevplassar.
Første ordinære samling er laurdag 27.9.2025 kl 11 – 17.
Dei andre datoane vert annonsert seinare.
Vi har god erfaring med dette kunsttilbodet sidan 2023, og om du lurer på kva og kven vi har jobba med, så finn du dette på vår webside.
Har du lyst å søke? Då gjer du slik:
• fyll ut påmeldingsskjemaet
• skriv nokre linjer i skjemaet om kven du er, kva læraren din heiter og om kvifor du ynskjer å delta på tilbodet.
• søknadsfrist 22. august (eigen kulturskulelærar/Firda VGS tilrår elevar å søke)
• Pris pr. semester kr. 500,-
Velkomen som søkjar!
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt:
Ingjerd Monsen Hjelmeland
koordinator fordjuping visuell kunst
Tlf: 99230970
E-post: ingjerd.monsen.hjelmeland@sunnfjord.kommune.no
Trude Skarvatun
Ansvarleg for fordjupingstilbodet
Tlf: +4741505970
Epost: kulturskulen@sunnfjord.kommune.no
I skuleåret 2024/2025 såg tilbodet slikt ut:
Tilbudet har 8-10 elevplasser og undervisninga går føre seg i eit inspirerande fagleg og sosialt fellesskap.
Samlingshelger for vårsemester 2024:
Laurdag 13.1. 11-17, Bjørn Are Vollstad, arkitektur
Laurdag 16.3 11-17 og søndag 17.3 11-16, Mona Grønstad, billedkunstner, akvarell
Laurdag 13.4 11-17, Maria Hjelmeland, billedkunstner, silketrykk
Laurdag 1.6, tur til Bergen med glassblåsing hos Sigrid Rostad, kunsthåndverker, og besøk til ulike utdanningsinstitusjonar.
Ved å treffe andre som skapar på eit høgt nivå, blir ein inspirert og ein kan få venner med felles interesser. Elevane får undervisning av ulike profesjonelle kunstnarar innanfor deira spesialfelt.
Det vert stilt større krav til engasjement og fysisk oppmøte ved deltaking i eit fordjupingsprogram samanlikna med ordinær undervisning. Og det vert forventa heimearbeid mellom samlingane.
Fordjupingstilbodet skal fungere som ei forlenging av kjernetilbodet (det vanlege tilbodet du har i kulturskulen din), og kan vere ei førebuing for dei som ynskjer å søke vidare til høyere utdanning innan faget. Fordypningselevar kan fortsette på fordyping, sjølv om dei kjem inn på KDA (Kunst, Design og Arkitektur) på vidaregåande.
Dei første samlingane vil vere i kunstsalen til Sunnfjord kulturskule, Førdehuset i Førde. Våren 2023 legg vi opp til undervisning 4 lørdager fra kl. 11-17 i Førde. Etterkvert kan det bli aktuelt å flytte stad, avhengig av kva vi skal jobbe med og med kva for kunstnarar.