
Fordjuping
Fordjuping er eit tilbod til spesielt interesserte og motiverte kulturskuleelevar, til elevar som vil noko meir, er i alderen 13-19 år og som er elev i ein kulturskule i regionen. Du får ein sosial og fagleg møteplass med andre som har same interesse.
Fordjupingstilbodet skal fungere som ei forlenging av det vanlege tilbodet du har i kulturskulen din, og kan vere ei førebuing for dei som ynskjer å søke vidare til høgare utdanning innan faget.
Det vert stilt større krav til engasjement og fysisk oppmøte ved deltaking i eit fordjupingsprogram samanlikna med ordinær undervisning. Og det vert forventa heimearbeid/øving mellom samlingane.
Samlingane vil vere på Sunnfjord kulturskule (bak Førdehuset) i Førde. Det kan bli aktuelt å flytte stad, avhengig av kva og kven vi skal samarbeide med.
Fordjuping storband
er eit samarbeide mellom kulturskulane i regionen og Firda vidaregåande skule.
Instrumenta vi treng i storbandet er:
- slagverk
- el-bass eller kontrabass
- piano
- el-gitar
- trompet/kornett
- trombone/baryton
- saksofon
- ev. vokalist/songar
NB! Det er plass til fleire elevar på kvart instrument.
Musikalsk leiar er bassist Raimund Hoclas frå Bremanger, Raimund.Hoclas@bremanger.kommune.no, tlf 94844885
Samlingar storband haust 2025:
23.-24. august
27.-28. september
15.-16. november
(7.-9. november seminar med Florø storband, valfritt)
Kulturskulen organiserer overnatting, og ein må rekne med noko foreldreinnsats i samband med overnatting og konsertar.
Har du lyst å søke? Då gjer du slik:
• fyll ut påmeldingsskjemaet (Søkeportal)
• skriv nokre linjer i skjemaet om kven du er, kva læraren din heiter og om kvifor du ynskjer å delta på tilbodet.
• søknadsfrist snarast og seinast 22. august (eigen kulturskulelærar/Firda VGS tilrår elevar å søke)
• Pris pr. semester kr. 500,-
Velkomen som søkjar!
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med:
Trude Skarvatun koordinator storband
Prosjektleiar for fordjupingstilbodet
Tlf: +4741505970
Epost: kulturskulen@sunnfjord.kommune.no