
Fordjuping
Fordjuping er eit tilbod til spesielt interesserte og motiverte kulturskuleelevar, til elevar som vil noko meir, er i alderen 13-19 år og som er elev i ein kulturskule i regionen. Du får ein sosial og fagleg møteplass med andre som har same interesse.
Fordjupingstilbodet skal fungere som ei forlenging av det vanlege tilbodet du har i kulturskulen din, og kan vere ei førebuing for dei som ynskjer å søke vidare til høgare utdanning innan faget.
Det vert stilt større krav til engasjement og fysisk oppmøte ved deltaking i eit fordjupingsprogram samanlikna med ordinær undervisning. Og det vert forventa heimearbeid/øving mellom samlingane.
Samlingane vil vere på Sunnfjord kulturskule (bak Førdehuset) i Førde. Det kan bli aktuelt å flytte stad, avhengig av kva og kven vi skal samarbeide med.
Fordjuping - musikk
Vi administrerer tilbod for desse faga:
- sang
- tangentinstrument
- blåseinstrument
- band (gruppepåmelding)
- storband
- folkemusikk (sjå Ervingen)
Vi kjem attande med informasjon om komande sesong 2025/2026.
I skuleåret 2024/2025 såg tilbodet slikt ut:
Utkast til samlingsdatoar skuleåret 2024/25:
21.-22. september 2024
2.-3. november 2024
18.-19. januar 2025
1.-2. mars 2025
Du får ein sosial og fagleg møteplass med andre som har samme interesse.
Fire helgesamlingar (laurdag+søndag) med samspel, musikkteori og tilpassa opplegg.
Samlingane foregår i hovudsak i Førde.
Kulturskulen organiserer overnatting, noko foreldreinnsats må reknast med i samband med overnatting.
Har du lyst å søke? Då gjer du slik:
• Søknadsfrist: 10. juni 2024 (kulturskulelæraren tilrår elevar å søke). supplerande opptak inntil 31.8.2024.
• fyll ut påmeldingsskjemaet (link til påmelding)
• skriv nokre linjer inne i skjemaet om kven du er, kva læraren din heiter og din motivasjon for å delta på tilbodet
• gjeld band: skriv namn på alle bandmedlemmer og namn på bandet. (alle bandmedlemmer må melde seg på individuelt)
• Lag ein video med 1-2 låtar og legg ved søknadsskjemaet (opptak på mobil går fint og læraren din kan heilt sikkert hjelpe deg)
• Etter innsendt påmelding kontaktar vi deg og dine føresette for å avtale intervju, anten i Førde eller digitalt.
• Pris pr. semester kr. 500,-
Velkommen som søkar!
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt:
Helga Lied Wyrtz
Prosjektleiar fordjuping musikk
Tlf: +4747400942
Epost: kulturskulen@sunnfjord.kommune.no