Fordjuping - UNG VestlandFordjuping er eit tilbod til spesielt interesserte og motiverte kulturskuleelevar, til elevar som vil noko meir, er i alderen 13-19 år og som er elev i ein kulturskule i regionen. Du får ein sosial og fagleg møteplass med andre som har same interesse.Fordjupingstilbodet skal fungere som ei forlenging av det vanlege tilbodet du har i kulturskulen din, og kan vere ei førebuing for dei som ynskjer å søke vidare til høgare utdanning innan faget.Det vert stilt større krav til engasjement og fysisk oppmøte ved deltaking i eit fordjupingsprogram samanlikna med ordinær undervisning. Og det vert forventa heimearbeid/øving mellom samlingane.Samlingane vil vere på Sunnfjord kulturskule (bak Førdehuset) i Førde. Det kan bli aktuelt å flytte stad, avhengig av kva og kven vi skal samarbeide med. Kulturskulelæraren er den som tilrår eleven å søkje. Du finn meir informasjon, påmeldingsskjema og kontaktinformasjon om dei ulike faga under menypunkta.Regionane i Fjordjuping UNG Vestland: Sunnfjord/Kinn/Bremanger/Stryn/Askvoll/Fjaler/Hyllestad/Solund/Høyanger Kontakt: rektor Sunnfjord kulturskule Trude Skarvatun trude.skarvatun@sunnfjord.kommune.noSogndal/Luster/Årdal/Vik/Lærdal/AurlandKontakt: rektor Sogn kulturskule Roar Sandnes roar.sandnes@sogndal.kommune.noGloppen/StadtKontakt: rektor Gloppen kulturskule John Rune Ødven john.odven@gloppen.kommune.noBergen/Gulen/Masfjorden/Austrheim/Modalen/Fedje/Alver/Askøy/Vaksdal/Osterøy/Øygarden/Samnanger/Bjørnarfjorden/AustevollKontakt: fagkoordinator Bergen ungdomslag Gro Vetås kontoret@bergen.ungdomslag.noVoss/Ulvik/Kvam/Eidfjord/UllensvangKontakt:Stord/Tysnes/Kvinnherad/Fitjar/Bømlo/Etne/SveioKontakt: Sist endra 17.06.2025 12.35