
SKRIV!
Likar du å skrive?
Velkommen til skrivekurs med
forfattar og poet Joakim Kjørsvik!
Dette skjer på kulturskulen i Førde
fredag 26. september kl. 17-19.30.
Kurset er gratis for unge i alderen 14 - 19 år.
Påmeldingsfrist er mån 22.9.2025
Link til påmelding
Bli inspirert til å skrive eigne tekstar, få idear og tips til å utforske livet og draumane dine gjennom skrivinga.
I «Skriv!» vil Joakim Kjørsvik snakke om vegen frå å vere ein søkjande og usikker ungdom til å bli ein etablert forfattarar. Han snakkar på ein avvæpnande og humoristisk måte om korleis skrive tett på kvardagen, kvifor han elskar å lese, og les korte utdrag frå bøkene sine før det er elevane sin tur til å gå i sving med skriving.
«Skriv!» er eit inspirerande skrivekurs, med låge skuldrer, humør og rom for alvor.