Vi held til på Førdehuset, i Angedalsvegen 5
Opningstider
Tysdag, onsdag og torsdag, kl. 14.30–20.00, for ungdomsskulen
Ein måndag i månaden, kl. 15.00–20.00, for vidaregåande skule
Ungdomsklubben har eit eige tilbod i skuleferiar via Grill `n chill
Kva kan du gjere på ungdomsklubben?
Førde ungdomsklubb opna hausten- 25 i nye flotte lokale på Førdehuset. Her kan du mellom anna game, henge med vennar, slappe av, spele brettspel, handle i kiosken, ta eit slag biljard eller bordtennis, gjere lekser, teste arkademaskina vår, sjå på tv, trykke på mobilen eller berre slå av ein prat med ein av oss som jobbar på klubben.
Jobbe som frivillig?
Vi treng alltid nye frivillige ungdommar i kioskgruppa og aktivitetsgruppa. Som frivillig er du med på å drifte klubben og får vere med på å bestemme kva aktivitetar vi skal ha. Du vert sjølvstendig og lærer ulike arbeidsoppgåver, som du kan lære vidare til andre frivillige. Vi kallar dette "ung til ung formidling". Det betyr i hovudsak at ungdommane sjølve har eit ansvar for å lære ifrå seg det dei kan til nykommarar i gruppa.
Send ein ei melding til oss på Snap Facebook eller Instagram om du ønsker å vere frivillig, eller snakk med ein av oss vaksne på klubben ein dag du kjem innom.
Kven møter du på Ungdomsklubben?
Tysdag, onsdag og torsdag:
- Karin Fedje Bøyum – miljørettleiar
- Camilla Kibsgaard Bolsø– miljørettleier
- Eli Britt Danielsen- ungdomskoordinator
Måndag (ope ein mand i mnd, informasjon via Førde vgs)
- Tove Nedrebø – utekontakt
- Miljøkoordinator Førde vgs
Kontakt oss
Har du spørsmål, send oss ein e-post