Psykisk helse- og rusteneste (over 18 år)

Tenesta psykisk helse og rus er eit helsetilbod til deg som er over 18 år, og som har vanskar med di psykiske helse, livskriser, identitet, rus eller problem med avhengigheit. 

  • Fysisk, psykisk og sosial helse heng saman

    Meiningsfull og positiv sosial kontakt, tilstrekkelig fysisk aktivitet, godt kosthald og nok søvn er byggesteinar for alle. 

  • Pexels Fauxels - Klikk for stort bilete

 

  • mann med mobil M365 - Klikk for stort bilete

    Det fins ei rekke tiltak til sjølvhjelp for deg som vil komme i gang med ei endring.

  • Kva kan du gjere sjølv?

    Helsedirektoratet har samla ei rekkje gode kvardagsråd, apper og verktøy som gjer det enklare å få til dei endringane du er ute etter.
    Sjå Helsedirektoratet

    Følelseskompasset er ein vegvisar for å lære om, forstå og jobbe med eigne kjensler.
    Sjå Følelseskompasset

    Om Kvardagsglede – Rådet for psykisk helse 
    Sjå Kvardagsglede

    Frisklivsenter – kommunalt helsetilbod der du kan få støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar
    Sjå Frisklivsenter

 

 

 

  • Rus- og avhengigheit

    dame med hatt M365 - Klikk for stort bilete

    For informasjon om  pakkeforløp psykisk helse og rus, les om  pakkeforløp 

  • Har du rusutfordringar, er det viktig at du opplever å meistre kvardagen, og at du kan redusere rusavhengigheita di. Det er òg viktig at du får betre livskvalitet, at du tek ansvar for eiga helse, og at du er i stand til å bruke dine eigne ressursar.

    Pakkeforløp psykisk helse og rus skal gje pasient og pårørande eit informert, heilskapleg og føreseieleg behandlingsforløp utan unødvendig ventetid. Pasienten skal få større innverknad på behandlinga, og behandlinga skal evaluerast systematisk undervegs. 

    Pakkeforløpet skal tilpassast kvar einskild sin situasjon, ynskjer og behov, samt innehalda kontaktpunkt og oppfølging i kommunen. Samstundes skal forløpet ivareta somatisk helse og levevanar.