Helsestasjon for barn frå 0 til 5 år

Sunnfjord helsestasjon

Sunnfjord helsestasjon har 5 avdelingar: Førde, Skei, Vassenden, Naustdal og Sande. 

Kva tilbyr helsestasjonane?

Barn under skulealder får tilbod om oppfølging og faste kontrollar på helsestasjonen. Du kan alltid ta kontakt med helsestasjonen om har spørsmål eller opplever små og store utfordringar i kvardagen. 

  • På helsestasjonen treff du helsesjukepleiar og lege. Du vil få innkalling til dei faste helseundersøkingane. 
  • Alle nye foreldre får tilbod om heimebesøk av jordmor kort tid etter utreise frå barselavdelinga. Deretter tek helsesjukepleiar over oppfølginga av barnet og familien, med heimebesøk innan 10 dagar etter fødsel. 
  • Har du nyleg flytta til Sunnfjord kommune og har barn under skulealder, ring oss for å etablere kontakt. 
  • Er du gravid, ta kontakt med jordmor
  • Alle våre tilbod er gratis. 

Helsenorge.no

Helsestasjonen er kobla opp mot Helsenorge.no (HN). Det inneber at du som brukar kan få oversikt over avtalar, be og om avbestille avtalar, samt be om dialog med oss på ein sikker plattform.

Mange er allereie brukarar av HN, og då går timevarsel automatisk derifrå om de har gitt fullmakt til sikker dialog med helsetenestene. Vi tilrår våre brukarar å laste ned appen, då det gjer det enklare å logge inn og sjå meldingar frå HN.

Har du spørsmål? Ta det opp med oss neste gong du kjem på helsestasjonen, eller ring veiledningstenesta til Helsenorge: 23 32 70 00

Opplever du utfordringar i kvardagen?

Familiar kan i periodar trenge ekstra hjelp og støtte. Snakk med helsesjukepleiar og vi kan gi deg råd og rettleiing.

Vi jobbar mellom anna med:

  • førebyggande psykososialt arbeid
  • hjelp og samarbeid med skule
  • samarbeid om habilitering av barn og unge med spesielle behov

Kontakt

Ekspedisjon helsestasjon
Telefon 57 72 21 30

Ta kontakt via Helsenorge.no

Kristine Ørstavik
Assisterande Einingsleiar
E-post
Telefon 57 61 27 93
Mobil 95 30 59 40

Arbeidsstad Førde