Demensomsorg i Sunnfjord kommune

Gløymer du? Har du fått vanskar med å utføre daglege gjeremål? Har du andre kognitive utfordringar? Ta tidleg kontakt med demensteamet eller fastlegen om du er bekymra for deg sjølv eller nokon nær deg. Vi kan hjelpe!

Demensteamet sitt arbeid

Demensteamet deltek i kartlegging ved mistanke om demens, i samarbeid med fastlegen. Vi jobbar for ei betre systematisk oppfølging til personar med demens og deira pårørande. Tilrettelegging og tryggleik i heimen er ein del av dette kartleggingsarbeidet. 

Demensteamet arbeider for å gje meir kunnskap om demenssjukdommar og betre kvaliteten på samværet med personar med demens. Målet er å skape ein trygg og føreseieleg kvardag, både for den demensråka og pårørande. 
 

Kva kan Demensteamet hjelpe deg med?

  • Råd og rettleiing ved mistanke om demenssjukdom/kognitiv svikt.
  • Delta i utredning og kartlegging i samarbeid med fastlegen.
  • Kartlegge funksjonar, ressursar, utfordringar og behov for teneste.
  • Gje råd og rettleiing etter demensdiagnose er stilt, også til pårørande.
  • Informere om lover og rettar.
  • Informere om ulike tilbod i kommunen.
  • Etablere kontakt og samarbeid med hjelpeapparatet.
  • Arrangere pårørandeskule og samtalegrupper.

Kontaktinformasjon

Demensteama er tilgjengelege på telefon måndag til fredag klokka 08.00–15.00.

Har du spørsmål angåande søknaden kan også ringe tildelingseininga på telefon 57 72 20 05, måndag–fredag klokka 10.00–14.00. 

Du kan også ringe sentralbordet i Sunnfjord kommune 57 72 20 00  og be om å vidareformidle kontakt til Demensteama/Demenskoordinator.

Tiltakspakke demens

Tiltakspakke demens skal sikre at personar med demens og pårørande får systematisk oppfølging og har det best mogeleg i eigen heim så lenge som råd etter demensdiagnose er stilt. Målet er å fange opp endringar i fysisk og psykisk helsetilstand, og sette i verk rette tiltak til rett tid.

Tiltakspakke demens er eit tilbod om ein fast kontaktperson (primærkontakt) i heimetenesta. Dette er ei teneste som må søkjast på. Både demensteam, heimetenesta og fastlege kan hjelpe med søknaden. Etter at søknaden er innvilga vert det tildelt ein primærkontakt som kjem på faste heimebesøk ein gong i månaden. Det er ein fordel om pårørande også er med i desse heimebesøka.

Teknologiske hjelpemiddel

Som ein del av kartlegginga vil vi vurdere om teknologiske hjelpemiddel er aktuelle for deg. Elektronisk medisindispenser, GPS og døralarm er ulike typar hjelpemiddel som kan vere aktuelle.

Dagtilbod for heimebuande personar med demens

Sunnfjord kommune har tilbod om tilpassa dagtilbod til heimebuande personar med demens. 

Demensomsorg på institusjon: Skjerma einingar

Sunnfjord kommune ynskjer at alle skal få bu heime så lenge det er fagleg forsvarleg. Om det er behov for opphald på institusjon har vi tilbod på Sande omsorgssenter, Skei omsorgssenter, Naustdal omsorgssenter og Førde omsorgssenter. Institusjonsplassane har eigne avdelingar som er tilrettelagde for personar med demens. Du søker på standard søknadsskjema. 

Slik søker du 

Bruk felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om tilboda innan demensomsorg. 

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til.
  • Dersom nokon hjelper deg å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende med søknaden. 

Søk om helse- og omsorgstenester elektronisk

Søk om helse- og omsorgstenester papirskjema

Send søknaden til:
Sunnfjord kommune
Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde 

Nyttige nettsider om demens

Tenestestandard