Hjelpemiddel

Eit hjelpemiddel er ein gjenstand som bidreg til å redusere praktiske problem for personar med nedsett funksjonsevne. Hjelpemiddel kan gje betre funksjon, eller det kan kompensere for tapt funksjon. 

Det fins mange ulike typar hjelpemiddel, som til dømes rullestol, toalettforhøgar, lupelamper og ulike typar velferdsteknologiske løysingar.

Kven kan få tilbodet?

Dersom du har nedsett funksjonsevne på grunn av skade eller sjukdom, kan du få låne hjelpemiddel for ein kortare eller lengre periode.

Kortvarig utlån:

  • Dersom du har eit kortvarig behov for enklare hjelpemiddel, kan du få låne dette av Sunnfjord kommune
  • Vi har kommunale utlånslager følgande stader: Førde, Naustdal, Sande og Skei. 
  • Vanleg utlånstid er tre månader, med mindre noko anna vert avtalt
  • Ved behov for kortvarig utlån, kan du ta kontakt med fysio/ergoterapitenesta i det området som er nærast der du bur.

Langvarig utlån

  • Dersom du har eit langvarig behov (over 2 år) for utlån av hjelpemiddel, kan du få støtte til utlån via Folketrygda. 
  • Ved behov for langvarig utlån, kan du ta kontakt med fysio/ergoterapitenesta i det området som er nærast der du bur. Fysioterapeut eller ergoterapeut vil då hjelpe deg med å finne ut kva hjelpemiddel du treng, og hjelper deg med å søke om varig utlån av dette til NAV Hjelpemiddelsentral Sogn og Fjordane.
  • Du kan også ta kontakt med fysio/ergoterapitenesta dersom du har hjelpemiddel som treng reparasjon, eller om du har hjelpemiddel du vil levere tilbake.

Kontaktinformasjon – Hjelpemiddel: 

Kontaktinformasjon for hjelpemiddel

Kontaktinformasjon for hjelpemiddel
NamnStillingArbeidsstadTelefonInformasjon
Marita Brandsøy LystadEiningsleiar95 22 34 24
Rita Linn AlværenAssisterande einingsleiarNaustdal57 81 60 39
Mari EvebøErgoterapeut, driftskoordinatorFørde48 16 72 00
Øygunn JuklestadFysioterapeut, driftskoordinatorSkei91 65 82 04
Iselin Andrea EngeneFysioterapeut, driftskoordinatorSande57 71 82 60
Jarle HellebustServiceteknikar hjelpemiddelFørde95 70 60 80
Geir Bjørn VestrheimServiceteknikar hjelpemiddelNaustdal og Skei90 70 84 19
Geir AlværvikServiceteknikar hjelpemiddelSande95 98 09 97


Ved behov for akutt hjelp utanom arbeidstid: Ring vakttelefonen til NAV Hjelpemiddelsentral, telefon: 99 15 80 08

Kontaktinformasjon – Høyrsels- og synskontaktar

Her finn du kontaktinformasjon: Høyrsels- og synskontaktar i Sunnfjord kommune

Tenestestandard

Tenestestandard for helse- og omsorgstenester i Sunnfjord kommmune – syn- og hørselskontakt

Tenestestandard for helse- og omsorgstenester i Sunnfjord kommmune – Tekniske hjelpemiddel