Ergoterapi

Ergoterapeutane har kontor på fire ulike stader i kommunen; Førde, Naustdal, Sande og Skei.

Kven kan få tilbodet?

Menneske i alle aldersgrupper, som i samband med skade, sjukdom, funksjonsvanskar eller andre livsendringar har vanskar med å meistre eigen kvardag.

Korleis får vi tilbodet?

Ved å ta kontakt med tenesta på telefon, eller ved å henvende seg direkte på besøksstad. Vi tek også i mot tilmeldingar frå fastlegar, sjukehus og andre. E-post kan også brukast for å få kontakt, men hugs at det ikkje må sendast sensitiv informasjon på e-post.

Kva tenestetilbod har vi?

Vi tilbyr ulike formar for oppfølging av ergoterapeut, mellom anna: 

  • Treningsgruppe for menneske med handartrose
  • Rehabilitering og anna oppfølging i institusjon
  • Heimerehabilitering
  • Førebyggande heimebesøk
  • Vurdering, tilpassing og oppfølging av hjelpemiddel
  • Bustadrådgjeving
  • Kvardagsmeistring og kvardagsrehabilitering

Kontaktinformasjon: 

Vi held til på fire ulike stader i Sunnfjord kommune, sjå liste over alle ergoterapeutane under. Dersom du treng oppfølging, må du ta kontakt med den arbeidsstaden som er nærast der du bur.

Eining fysio/ergoterapi har følgande hovudnummer: 57 72 20 02.

  • Ergoterapi Førde: Besøksadresse: Langebruvegen 34, 6800 Førde; Telefon: 57 72 60 60
  • Ergoterapi Naustdal: Besøksadresse: Naustdal sjukeheim, Ospeteigen 18, 6717 Naustdal; Telefon: 57 81 60 39
  • Ergoterapi Sande: Besøksadresse: Gaular bygde- og sjukeheim, 6973 Sande i Sunnfjord; Telefon: 57 71 82 60
  • Ergoterapi Skei: Besøksadresse: Kommunehuset på Skei, 6843 Skei; Telefon: 57 72 61 96

Ved skriftlege henvendingar: 

  • Postadresse: Sunnfjord kommune v/ eining fysio- og ergoterapi, postboks 338, 6802 Førde
  • Om du skal sende personopplysningar send dei på eDialog

Kva kostar det?

Det vert ikkje kravd eigenbetaling for ergoterapitenester. 

Kan du klage på tilbodet?

Du kan klage på alle helse- og omsorgstenester. Les meir om korleis du kan klage på helse. og omsorgstenester (legg inn lenke her til ei standardside for klage). 

Ta kontakt med servicetorget om du treng hjelp til å klage. Klage kan du sende til Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde.