Varsling til innbyggaraneNår viktig informasjon må ut raskt, vil kommunen sende deg eit varsel på telefon. Varsling skjer ved at det blir sendt ut ein SMS til mobiltelefonar, og ei talemelding til dei som kun er registrert med fasttelefon.Adressebasert varsling kan til dømes skje:ved evakueringnår du må koke vatnetved vassbrotSunnfjord kommune brukar Varsling 24 for å varsle innbyggarane.Les meir om Varsling 24Om vi ikkje klarar å varsle via mobiltelefon eller radio, vil varsling skje fysisk ved bruk av kommunen sine tilsette, politiet, sivilforvaret, Røde kors m.v. Dette vil vere mest aktuelt ved evakuering.Varsling med tyfon eller sirenerSivilforvaret har ansvar for landets sireneanlegg (tyfonar). Det vert nytta til varsling av befolkninga ved akutt fare både i fred- og krigstid.Sivilforsvaret prøver installasjonane to gonger i året, vanlegvis andre onsdag i månadene januar og juni.Naudvarsel på mobilI tillegg til varslingsanlegga kan Naudvarsel på mobil brukast til å varsle befolkninga om akutt fare. Eit naudvarsel inneheld informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å beskytte deg sjølv. Naudvarsel er ei tjeneste frå norske myndigheiter. Det er politiet og Sivilforsvaret som avgjer kva område som skal varslast og som sender ut sjølve varselet.Meir om NaudvarselLes meir om Sivilforsvarets varsling av befolkninga Sist endra 03.11.2025 09.32