Lokale beredskapspunkt

Vi har faste oppmøtestadar i Sunnfjord kommune ved bortfall av telefon og om all annan kommunikasjon er nede. Om straumen, telefonnettet og annan kommunikasjon forsvinn, kan innbyggarane ta kontakt med kommunen på desse stadane for å få informasjon og anna hjelp.

Det kan oppstå situasjonar der det ikkje er mogleg for kriseleiinga å fysisk vere tilstades der det skjer ei krisehending i kommunen. 

For å handtere det som skjer lokalt, vert det derfor oppretta fire lokale beredskapspunkt (BP), der det vil vere personar som er representantar for kriseleiinga. 

Ved kvar av desse beredskapspunkta, er det og planlagt eigne evakuerings- og pårørandesenter. 

Oversikt over beredskapspunkt i Sunnfjord kommune

Oversikt over beredskapspunkt i Sunnfjord kommune
BeredskapspunktLeiingssenterTelefon leiar
SandeSande omsorgssenter97 05 41 21
NaustdalNaustdal omsorgssenter95 24 73 01
VassendenVassenden heimeteneste99 22 77 11
SkeiSkei omsorgssenter41 32 25 67
KriseleiingaRådhuset, Sunnfjord kommune91 10 12 66