Tilbod for elevar som ikkje skal delta i skulegudsteneste For elevar som ikkje skal eller kan delta i gudstenestene til jul og påske, legg Førde barneskule til rette for eit anna tilbod. Tilbodet skal vere eit pedagogisk opplegg der elevane lærer om kultur og tradisjonar i Noreg. Det er elevar med fritak som får dette tilbodet. Elevane blir delt inn i to grupper. Gruppeinndelinga blir slik: Elevar frå 1.-3. steg Elevar frå 4.-7. steg Informasjon om innhaldet: Begge gruppene skal ha opplegg som handlar om jul og påske, med fokus på ikkje-religiøse påske- og juletradisjonar i Noreg. Døme er julenissen, juletreet, juletrepynt, påskemysterie og påskeegg. Dette opplegget er utforma for å vere ein inkluderande aktivitet med fokus på fellesskap, verdiar og tradisjonar utan religiøst innhald. Lærarane vil tilpasse opplegget til dei ulike gruppene. Sist endra 28.11.2025 09.16