Barneskule i sentrum av Førde
Førde Barneskule ligg i Elstervegen - ein sideveg til den gamle Bydalsallèn - som går frå sentrum mot Kyrkja.
Skulen er den eldste i Førde og har gjennom åra vore folkeskule, framhaldsskule, realskule, ungdomsskule og gymnas. 125års-jubileum vart feira i 2019
Skulen vart brannherja i november 2003 og ein del av skulen er difor nybygd på tomta der gamleskulen låg. Nyeskulen stod ferdig våren 2007.
I dag har skulen klassar frå første til sjuande skuleåret. Det er til vanleg to klassar på kvart årssteg. Det er om lag to hundre og femti elevar på skulen. Elevtalet er stabilt. Elevane kjem frå Kvieneset på nordsida av Førdefjorden i vest til området Presteholten i aust. I tillegg finn ein elevar frå sentrum sør og Bruland.
Visjon - Ein god skule for alle

Uteområdet
Vi opna vårt nye flotte skuleområde 1. desember 2021. Utområdet vårt er vi stolte av.
