Særlege tilhøve kan vere sosiale tilhøve, sårbare born, eller barn med særskilte behov. Om føresette ønskjer at barnet skal halde fram ved skulen utover reglane ved adresseendring, må føresette søke kommunedirektøren. Vedlagt søknaden må det føreligge dokumentasjon frå lege, BUP, PPT eller andre sakkunnige. Ved behov kan kommunedirektøren be om ei utgreiing frå PPT om ei slik utgreiing ikkje føreligg i saka.
I slike saker skal søknaden gå gjennom rektor, og rektor skal uttale seg om saka og kome med ei tilråding.
Føresette må organisere og finansiere eventuell skuleskyss.