Permisjon frå undervisninga

Kommunestyret i Sunnfjord vedtok ny forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæring 19.06.2025. Den nye forskrifta gjeld frå 01.08.2025. 

I opplæringslova § 2-2 fjerde ledd står det:

«Kommunen kan gi ein elev permisjon frå skolen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Kommunen gir forskrift om permisjon frå skolen.»

Forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæringa

Viktige moment i forskrifta:

  • Eleven har høve til å vere borte frå grunnskuleopplæringa i ein midlertidig periode.
  • Permisjon frå grunnskuleopplæringa gir ikkje eleven rett til å ta att den tapte opplæringa, dette gjeld også elevar som har vedtak om individuell tilrettelegging.
  • Elevar som tilhøyrer eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkje har rett til permisjon på heilagdagar.
  • Elevar kan få innvilga inntil 10 dagar permisjon per skuleår
  • Det blir normalt ikkje innvilga permisjon i periodar der det blir gjennomført faste prøver, sentrale vurderingssituasjonar og leirskule/skuletur.
  • Det skal gjerast ei vurdering av om permisjonen er forsvarleg før ein kan få innvilga permisjon.
  • Det er ikkje nødvendig å søke om permisjon til helserelatert fråvær og deltaking i elevdemokrati m.m. 

Behandling av søknad om permisjon

Skulen pliktar å gjere ei forsvarlegheitsvurdering av permisjonen.

Følgjande faktorar er ein del av skulen si vurdering:

  • Eleven sitt beste
  • Skulen sitt undervisningsopplegg/vurderingsarbeid i permisjonstida
  • Føresette sin plan for opplæring i permisjonstida
  • Tidlegare permisjonar eller anna fråvær
  • Eleven si faglege og sosiale utvikling


Denne forsvarlegheitsvurderinga er individuell og kan føre til at ein elev får innvilga permisjon, medan ein anna elev får avslag.

 Fråvær ved sjukdom, gravferd, legetimar og liknande vert ført i foreldre-appen «Min Skole».»

Slik kan du søke

Du kan søke om permisjon via elektronisk søknadsskjema.

Hugs å ta med alle relevante opplysningar i søknaden slik at vi har eit godt grunnlag til å behandle søknaden. Du kan laste opp vedlegg i det elektroniske skjemaet.

Vi tilrår at du opnar skjema i andre nettlesarar enn Edge, grunna teknisk feil. 

Søknadsskjema for permisjon

Dersom du har spørsmål eller treng hjelp til korleis du skal søke, tek du kontakt med skulen. 

Spørsmål og svar om permisjon

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
Telefon 57 72 20 00

Skal du sende dokument til kommunen, bruk eDialog