Klage

Dersom ein eller fleire partar har innvendingar mot gjennomføring av eksamen, skriv rektor protokoll over forholdet, og dei involverte skriv under protokollen.

Ved lokalt gitt eksamen (munnleg eller praktisk/munnleg eksamen) kan det berre klagast på formelle feil som kan ha hatt innverknad på resultatet. Formelle feil kan vere:

  • inhabilitet
  • feil ved oppnemning av sensor
  • feil knytt til eksaminasjonen
  • gjeldande reglar for karaktersetjing er ikkje følgde
  • eleven kjenner ikkje vurderingskriteria
  • eksamensoppgåvene er ikkje innanfor mål i læreplanen
  • eleven får ikkje bruke den tida han/ ho har krav på
  • eleven vert avbroten av uro
  • eleven er ikkje informert om den delen av eksamensinstruksen som vedkjem dei
  • eleven møter ei organisering rundt eksamensavviklinga han/ ho ikkje har blitt informert om på førehand eller prøvd i tidlegare
  • rettleiinga under førebuinga har mangla eller vore mangelfull
  • Dersom klagaren får medhald, vil gitt karakter gå ut og eleven får høve til å gå opp til ny eksamen – med ny sensor i same fag eller nytt fag. Normalt vil dette først kunne gjennomførast påfølgjande haust.

Lovtekst:

«Dei som har vore oppe til munnleg eksamen eller eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg, kan berre klage på formelle feil ved gjennomføringa av eksamen som kan ha hatt noko å seie for resultatet. Statsforvaltaren er klageinstans.

Skolen skal sende klaga til statsforvaltaren, saman med eksamensoppgåva og ein kopi av dei retningslinjene kommunen eller fylkeskommunen har fastsett for gjennomføringa av lokalt gitt eksamen. I tillegg skal skolen sende statsforvaltaren ei fråsegn frå rektor om gjennomføringa av eksamen og ei fråsegn som rektor har henta inn frå sensor og eksaminator, om gjennomføringa av eksamen. Fylkeskommunen sender det same til statsforvaltaren når det gjeld privatistar. Fråsegna om gjennomføringa av eksamen skal då vere frå fylkeskommunen.

Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste karakteren eller annullere karakteren. Dersom statsforvaltaren kjem fram til at formelle feil kan ha verka inn på karakteren, skal karakteren annullerast.

Elevar som får karakteren annullert, kan velje å gå opp til ny eksamen, jf. § 9-37. Om dei vel å gå opp på nytt i eit trekkfag, skal faget trekkjast på nytt. Privatistar som ikkje har standpunktkarakter i faget, må gå opp til eksamen på nytt dersom dei vil ha utferda vitnemål.» (Forskrift til opplæringslova § 10-8).

 

Klagefrist er 10 dagar (Forskrift til opplæringslova § 10-2).