Nytt barnehageår i Ytre Hafstad barnehageNytt barnehageår er i full gang. 13 nye barn har begynt i barnehagen vår. Fokuset i denne tida er å skape tryggleik for alle, både for dei som er heilt nye og dei som byter avdeling.Barna på førskuleavdelinga syner stor glede over å ha begynt på Skogen, og å vere størst i barnehagen. Dei er allereie begynt på bading, vore på turar, og det er planlagt mange kjekke og lærerike aktivitetar for dei som no har sitt siste år i barnehagen.Foreldre til alle nye barn vil innan kort tid få tilbod om ein nybegynnarsamtale.Foreldremøte blir torsdag 25. september. Set av datoen, innkalling kjem når det nærmar seg. Ytre Hafstad barnehage Sist endra 01.09.2025 11.11