Barna treng vaksne som anerkjenner, setter ord på og forstår kjenslene deira, også om barnet utfører handlingar vi ikkje kan akseptere. Å bli møtt med kjærleik, empati, anerkjenning og emosjonell bekrefting er viktig i utviklinga av eit trygt og godt sjølvbilde.
Å møte barns kjensler
Alle kjensleuttrykk og åtferd hos barn er språk for å fortelje omverda korleis eg har det og kva behov eg har. Dei minste barna i barnehagen har ikkje verbalt språk som kan uttrykke kva dei føler eller kva som er behovet deira. Gråt kan for ekskempel være eit kjensleutrykk som kan romme mange behov. Eit lite barn gråter både når det er sulten, trøtt eller har vondt.
Å møte barns kjensler på ein god måte handlar om at:
- kjensler trenger å bli sett
- kjensler trenger å bli satt ord på
- kjensler trenger å bli bekrefta
- den som viser kjensler har eit behov som treng å bli møtt
Dette gjer du gjennom å:
- være sensitiv og tone deg inn på barnet sine kjensler
- sette ord på barna sin kjensler slik at det opplever å bli forstått, “ No blei du lei deg"
- møte barnet sine kjensleutrykk med respekt og bekrefte dei, "No blei du lei deg, det forstår eg godt…"
- gir deg tid til å være i kjensla i lag med barnet og hjelpe det med å regulere den, komme gjennom den
- hjelpe vidare ved å komme i gang i leik, aktivitet igjen
Eit trygt og positivt sjølvbiletet er viktig som ein beskyttande faktor både for å bli utsett for mobbing og krenkingar, og for å utsetje andre for mobbing og krenkingar.
Verktøy