Tidlegstemme

Har du ikkje har moglegheit til å stemme i førehandsstemmeperioden eller på valdagen? Då kan du tidlegstemme frå 1. juli til 8. august, i kva som helst kommune.

Melde frå på førehand

I Sunnfjord kommune kan du tidlegstemme ved Førde tenestetorg i rådhuset. 

Om du vil tidlegstemme må du ringe kommunen sitt sentralbord, 57 72 20 00, på førehand og avtale tidspunkt.

Hugs gyldig legitimasjon! 
Du må ha med legitimasjon når du skal stemme. Møter du opp i vallokalet uten legitimasjon og du er ukjent for stemmemottakar, får du ikkje stemme. Legitimasjon må ha bilde, fult namn og fødselsdato. Døme: pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde. 

Personar i kø ved valurne illustrasjon - Klikk for stort bilete Gregory Idehen