Manntal og stemmerett

Manntalet er ei oversikt over alle som har stemmerett i ein kommune. 

Har du stemmerett?

Du har stemmerett ved stortingsvalet om du er:

  • norsk statsborgar
  • har fylt 18 år innan utgangen av 2025
  • er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Norge

Står du i manntalet?

Du blir automatisk registrert i manntallet i den kommunen du er folkeregistret som busatt i den 30. juni 2025. Dei som er innført i manntalet får tilsendt eit brev frå valdirektoratet om stemmeretten.

Om du har flytta, og ønsker stemmerett i den nye kommunen, må du difor melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni. Dersom du flyttar etter 30. juni, har du stemmerett i kommunen du flyttar frå.

Kommunen legg ut manntalet til offentleg ettersyn når det er klart, rundt 10-15. juli. Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn på Førde tenestetorg.  Opningstida til tenestetorga er måndag til fredag kl. 08.00 - 15.15.

Står du i manntalet?

Manntalet er ei oversikt over kven som har stemmerett i ein kommune. Er du busett i Noreg blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du er registrert i folkeregisteret som busett i den 30. juni 2025. Dei som er innført i manntalet får tilsendt eit brev frå valdirektoratet om stemmeretten.

Kommunen legg ut manntalet til offentleg ettersyn når det er klart, rundt 10-15. juli. Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn på Førde tenestetorg.  Opningstida til tenestetorga er måndag til fredag kl. 08.00 - 15.15.

Du kan også ringe Sunnfjord kommune  57 72 20 00, og få opplyst over telefon om du står i manntalet.

Står du ikkje i manntalet? 

Står ikkje namnet ditt i manntalslistene som er lagt ut, eller det er andre feil i listene, kan du klage til valstyret. Klagen må vere skriftleg og grunngjeven. Valstyret vil rette feil i manntalet så lenge det er praktisk mogeleg fram til valdagen.

Adressa til valstyret:

Sunnfjord kommune v/Valstyret
Postboks 338
6802 Førde

E-post til valstyret: postmottak@sunnfjord.kommune.no

Skal du flytte? 

Du kan førehandsstemme i kva kommune som helst, men skal du stemme på valdagen må du stemme i eit vallokale i kommunen du er manntallsført i.

Flytter du til ein annan kommune må du melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni for å bli ført inn i manntalet i den nye kommunen. Flyttar du til ein annan kommune etter denne datoen står du i manntalet i kommunen du flyttar frå.

Bur du i utlandet? 

Dersom du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du var registrert som busett i då du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søke om innføring i manntalet.

Du finn meir informasjon for veljarar busett i utlandet på valg.no

  • Sametinget sitt valmanntal

    Sametingets valmanntal blir lagt ut til gjennomsyn, i tråd med forskrift om valg til Sametinget § 8. Manntallet er tilgjengelig for gjennomsyn på dei fire tenestetorga innanfor opningstidene ovanfor. 

    Det er mogleg til å krevje retting av valmanntalet, jf. forskrift om valg til Sametinget § 9. Eit slikt krav må bli sendt sendt Sametinget