Kven kan du stemme på? I år kan du vere med på å bestemme kven som skal sitte på Stortinget og Sametinget dei neste fira åra. Stortingsvalet Sunnfjord kommune er i Sogn og Fjordane valdistrikt. Du kan difor stemme på dei partia som får godkjent valliste i vårt valdistrikt. Godkjenninga skal skje innan 1. juni 2025. På Vestland fylkeskommune si nettside finn du alle listeforslaga som er levert inn. Sametingsvalet Sunnfjord kommune er i Sør-Norge valkrins, Her finn du oversikt over partia og kandidatane som stiller til sametingsvalet i Sør-Norge. På sametinget si nettside finne du òg oversikt over partia og kandidatane som stiller til val i dei andre valkrinsane. Sist endra 26.05.2025 08.32