Slik stemmer du

Stortings- og sametingsvalet 2025 er måndag 8. september. Du han førehandsstemme frå 11. august til 5. september.

 Du må stemme i heimkommunen på valdagen

Stortingsvalet 2025 er måndag 8. september. På valdagen kan du berre stemme i heimkommunen din. Altså der du var folkeregistrert som busett per. 30. juni 2025. Du får brev frå Valdirektoratet om stemmeretten og kva kommune du er manntalsført i. Du kan derimot førehandsstemme i ein kommune sjølv om du ikkje er manntalsført der. Då vil den kommunen sende stemma di til kommunen du er manntalsført i.  

Fritt val av vallokale 

I Sunnfjord kommune kan du velje fritt mellom vallokala for å førehandsstemme eller stemme på valdagen, uavhengig av kva stemmekrins du høyrer til.  Sjå oversikt over lokale og opningstider her: 

Førehandsrøysting i Sunnfjord kommune

Valdagen i Sunnfjord kommune  

Her kjem vallokale og opningstider i andre kommunar 

Hugs legitimasjon 

Du må vise legitimasjon når du skal stemme. Legitimasjonen må innehalde namn, fødselsdato og bilete. Døme på legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort, førerkort (òg digitalt) og bankkort med bilde. 

Ved stortingsvalget 2025 får du ikkje tilsendt valkort. Du får heller eit digitalt brev frå valdirektoratet med same innhald, om at du har stemmerett og kva kommune du er manntalsført i.  Du skal ikkje ta med dette brevet når du skal stemme.

Personar som har reservert seg mot digital post fra det offentlige vil få brevet på papir. 

Lister og kandidatar 2025

Her kjem informasjon om vallister med parti og kandidatar når dei er klare. 

Hjelp til å stemme

Ta kontakt med ein valmedarbeidar dersom du har spørsmål, eller treng rettleiing når du skal stemme. Valmedarbeidarane har teieplikt.

Har du nedsett psykisk eller fysisk funksjonsevne som gjer at du ikkje kan stemme aleine? 
Då har du rett på å få hjelp til å stemme av ein valmedarbeidar eller ein annan person som du sjølv peikar ut.

Slik stemmer du 

Nytt for stortingsvalet i 2025, er at du ikkje lenger kan rette på stemmesetelen ved å gi personstemme. 

Gå inn i valavlukket og vel stemmesetelen du vil bruke.

 

 

 

 

Brett stemmesetelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut – då kan ingen sjå kva du stemmer. Du skal ikkje bruke konvolutt eller anna omslag rundt stemmesetelen. 

 

 


 

Gå til valmedarbeidar for registrering. Ha legitimasjonen klar. 

Når du er kryssa av i manntalet får du stempel på utsida av stemmesetelen. Stemmesetelen må ha stempel for å bli godkjent. 

 


Legg den stempla stemmesetelen i valurna. 

 

 

 

 

 

Meir informasjon 

Les meir om stortings- og sametingsvalet på Valdirektoratet sine nettsider.