Førehandsstemme

Har du allereie bestemt deg for kva du skal stemme? Då kan du førehandsstemme frå 11. august til 5. september. Hugs å ta med gyldig legitimasjon!

Du kan velje om du vil førehandsstemme eller stemme på valgdagen 8. september, men har du førehandsstemt er det den som gjeld. 

  • Du kan førehandsstemme ved kommunehusa

    Førde tenestetorg, rådhuset

    • Kl. 08.00–15.15 måndag til fredag i veke 33–35 (11.–29. august)
    • Kl. 08.00–17.00 måndag til onsdag i veke 36 (1.–3. september)
    • Kl. 08.00–18.00 torsdag og fredag i veke 36 (4. og 5. september) 

    Skei tenestetorg, Sande kommunehus og Naustdal helsesenter (bygg K)

    • Kl. 09.00–15.00 måndag og torsdag i veke 33–35 (11.–28. august)
    • Kl. 09.00–15.00 måndag til onsdag i veke 36 (1.–3. september)
    • Kl. 09.00–17.00 torsdag og fredag i veke 36 (4. og 5. september)

Laurdagsope 30. august 

Det blir lagt til rette for mottak av førehandsstemmer laurdag 30. august, kl. 12.00-16.00 på følgande stader:

  • Alti Førde (Storebrua)
  • Jølstraholmen

Førehandsstemme i Vevring og Naustedalen  

For valet i 2025 vart stemmekrinsane endra. Vevring og Naustedalen krins er slått saman med Naustdal krins. 

Sidan det ikkje blir vallokale i Vevring og Naustedalen på valdagen, blir det lagt til rette for mottak av førehandsstemmer ved: 

  • Dalen næringssenter, tysdag 26. august, kl. 15.00–17.00
  • Nærbutikken Vevring, onsdag 27. august, kl. 15.00–17.00

Andre måtar å førehandsstemme på 

Bur du utanfor Sunnfjord kommune? 

Nettsidene til valdirektoratet, valglokaler.no, blir oppdatert med oversikt over vallokale for førehandstemming i andre kommunar. 

Meir informasjon om valet?

Les meir om stortings- og sametingsvalet på Valdirektoratet sine nettsider