Bestilling av manntalseksemplarParti og grupper som stiller liste ved valet har rett til eit gratis eksemplar av Sunnfjord kommune sitt manntal.Det er høve til å få tilgang til fleire manntalseksemplar om de dekkar kostnad for dette.De kan òg bestille uttrekk av veljarar sortert på krets og alder, til dømes ei oversikt over alle førstegongsveljarar i ein stemmekrins eller heile kommunen.Bestilling av manntalseksemplar og ev. uttrekk av bestemte grupper veljarar skal bli sendt innan 18. juli, kl. 12.00.Behandling av manntalseksemplar Det utleverte manntalet kan berre brukast til politiske føremål i samband med valet. Det er ikkje høve til å kople det utleverte manntalet mot andre datakjelder.Partiet og gruppa som får utlevert manntalseksemplar eller uttrekk over bestemte grupper veljarar er sjølv behandlingsansvarleg etter personvernforordninga artikkel 4 nr. 7.Parti og grupper som for utlevert manntal eller uttrekk over bestemte grupper veljarar skal sjølv sørge for at det som blir utlevert, og eventuelt behandla materiell, blir makulert og sletta. Dette skal skje når det ikkje lenger er nødvendig å oppbevare opplysningane, og skal skje seinast innan to år frå materiellet vart utlevert.Send e-post med bestilling til politisk sekretariat Send bestilling til politisk sekretariat Sist endra 03.07.2025 09.27