Ferie og feriepengar

Arbeidsgjevar plikter å sørge for at dei tilsette avviklar ferie, og arbeidstakaren har plikt til å ta ut ferie. Rett til full ferie er uavhengig av stillingsstorleik, og omfattar også arbeidsfrie dagar i ferien. Arbeidsgjevar har styringsrett over heile ferien og fastset det endelege ferietidspunktet.

Alle tilsette i Sunnfjord kommune har 25/30 dagers ferietrekk. 21 feriedagar (25 virkedagar) er heimla i ferielova, medan dei resterande 4 feriedagane (5 virkedagene) er heimla i HTA (avtalefesta ferie). Totalt vert dette 25 feriedagar (30 virkedagar) som er fem veker. Tilsette som tiltrer innan og seinast 30. september i ferieåret har rett til full ferie. Dersom ein tilsett tiltrer etter 30. september, har han rett til ferie i 5 feriedagar (6 virkedagar samt HTA sine 4 feriedagar – dvs 9 feriedagar). Rett til ferie i ny stilling forutset at det ikkje er avvikla full ferie hos førre arbeidsgjevar.

Det er den tilsette og leiars ansvar å melde inn om det ikkje skal vere fullt ferietrekk på juniløna.

Opptjening av feriepengar

Om opptjening av feriepengar er mindre enn ferietrekket, vil ein få mindre enn ei månadsløn til utbetaling.  Dei som ikkje har opptjente feriepengar hjå oss frå i fjor vil ende opp med negativ løn. Vidare vil dette komme som trekk på juliløna. Feriepengar frå tidligare arb.gj. skal dekke dette bortfallet, dvs opptening hos anna arbeidsgivar gir plikt til å ta ut ferie.

Arbeidsgjevar kan ikkje krevje at arbeidstakar tar ut meir ferie enn det vedkommande har tent opp feriepengar for. Dette vil for eksempel gjelde arbeidstakarar:

  • Utan full opptening av feriepengar pga oppstartspunkt i stilling førre år eller varig auke i stillingsprosent.
  • Over 60 år der 6G ikkje fullt ut kompenserer lønnsbortfallet under ferien.

Her er det imidlertid to unntak:

  • Drifta vert heilt eller delvis innstilt i samband med ferieavvikling.
    Då kan alle arbeidstakarar som dette vedkjem, påleggjast å avvikle ferie av same lengde uavhengig av opptening av feriepengar.
  • Arbeidstakar har motteke feriepengar hos ein annan arbeidsgjevar.
    Har arbeidstakar fått feriepengar hos ein anna arbeidsgjevar før han tok til i ny stilling, har arbeidstakaren plikt til å ta ut ferie sjølv om desse feriepengane er brukt opp. Då skal desse takast med i reknestykket.

Undervisningspersonale som begynner sitt første yrkesår, utbetales full løn i ferietida forutsett at samla opptjente feriepengar vil gje lavare utbetaling. Med samla opptjening meinast det all opptjente feriepengar frå alle arbeidsgivara i f.eks studietida m.m. Dette forutset at vedkommande er tilsett for minst 1 år.

Feriepengar er ikkje skattefrie, men utbetalast trekkfritt i juni. Det er lovfesta 4 veker og 1 dag som er tilsvarande 1 mndløn, samt avtalefesta 4 dager etter KS Hovudtariffavtalen.

Her er nokre døme på ulike feriepengeutbetalingar på juniløna

Ofte stilte spørsmål