Førdepakken - sentrumsutvikling

Førdepakken inneheld 20 små og større tiltak i Førde sentrum som skal betre tilhøva både for bilistar, gåande og syklande. Omlegging av E39 forbi Førde er ikkje ein del av Førdepakken. 

Statens vegvesen planlegger og bygger tiltaka i Førdepakken

Det er Statens vegvesen som styrer prosjekta i Førdepakken.

Førdepakken si eiga nettside

Du kan òg følgje Førdepakken på Facebook for å få informasjon om vegstengingar, omkøyringar og anna. 

Måla med Førdepakken:

  • Vidareutvikle Førde som regionsenter
  • Sentrumsutvikling og utbygging i Førde sentrum
  • Betre vilkåra for gjennomgangs- og lokaltrafikken
  • Unngå framtidige trafikkproblem, og gi betre trafikktilhøve for alle trafikantgrupper
  • Samanhengande sykkelvegnett og at del av trafikken som er gåande og syklande må aukast
  • Skilje av trafikantgrupper skulle gje betre framkome og trafikktryggleik
  • Eit samla vegsystem som skulle løyse utfordringane både for biltrafikken og dei mjuke trafikantane

Reguleringsplanane må godkjennast i Sunnfjord kommune

Alle reguleringsplanar i Førdepakken må godkjennast av kommunestyret. 

I tillegg til at planane vert lagt ut til offentleg ettersyn vil vi arrangere opne informasjonmøte. Møta vil bli  annonsert på førehand.