Kva er ein kommuneplan

Lurer du på kva ein kommuneplan er, og kvifor den er så viktig? Her kan du lese meir om kva den betyr for deg og vår planlegging.

Kva er ein kommuneplan?

Kommuneplanen er Sunnfjord kommunen sin overordna plan, og skal styre planlegging og utvikling dei neste 12 åra. Kommuneplanen er ein langsiktig plan for kommunen sine mål og bruk av areal.

Ein kommuneplan består av ein samfunnsdel og ein arealdel. 

Arealdelen er ein konkret plan for kva vi skal bruke areala i kommunen til, og gjev rammer og vilkår for ny utbygging og arealbruk. Den sett og viktige omsyn som vi må passe på ved bruk av områda våre. Arealdelen bestemmer til dømes kvar vi skal bygge nye bustadar, barnehagar, butikkar, turvegar. Når vi skal bygge eller bruke områda til noko nytt må det då vere i samsvar med arealdelen.

Ny arealdel for Sunnfjord kommune

Etter at Førde, Jølster, Naustdal og Gaular har blitt ein stor kommune vil vi no lage ein heilt ny kommuneplan for Sunnfjord! Samfunnsdelen er ferdig og vedteke av kommunestyret. Vi jobbar no med å lage ein arealdel som tar heile kommunen i bruk. 

Sjå tidslinja for prosessen fram til arealdelen skal vere ferdig.

Kva er viktig med den nye arealdelen?

Planen har betydning for alle i Sunnfjord kommune. Det er fordi den legg klare føringar for kva vi skal bruke dei ulike områda våre til, og formar samfunnet vårt etter denne planlegginga. For nokon vil planen gje meir verknad, til dømes om eigedomen blir omregulert til noko anna og får ny farge i kartet. For arkitektar, utbyggarar, politikarar og alle som vil bygge noko på eigedomen sin vil dette vere eit viktig styringsdokument. 

Arealdelen består av tre delar:

  • Plankart
  • Føresegner og retningslinjer
  • Planomtale

Du kan sjå alle plandokumenta til arealdelen her.

Plankartet er eit arealkart som viser kva dei ulike områda skal bli brukt til. Dei forskjellige fargane på kartet seier til dømes om det skal vere bustad, næring, grøntområde eller landbruk.

Du kan sjå vårt forslag til nytt plankart her. 

Du kan gje innspel

Alle kan seie meininga si og gje innspel til kommuneplanen. Det betyr at du kan skrive til oss kva du meiner om planforslaget som er på høyring. Det er ikkje berre profesjonelle aktørar og etatar som gjev innspel. Vi vil ha innspel frå privatpersonar, næringslivet, organisasjonar osv. Medverknad er viktig, og alle innspela som kjem er nyttig for at vi skal få laga ein god og tilpassa kommuneplan.

Send innspel til kommuneplanen sin arealdel sak 23/65