Innspel til nytt omsorgssenterSunnfjord kommune skal bygge nytt omsorgssenter som skal stå klart i 2030. Arbeidet med kartlegging og å hente inn innspel er begynt. Vi ønsker derfor no å høyre om du har noko innspel til oss.Omsorgssenteret skal vere i Førde og vi skal ha minst 70 plassar. Sunnfjord kommune har i dag ca. 400 personar med demenssjukdom – i 2040 vil dette talet vere 800. Vi skal derfor bygge eit demensvenleg omsorgssenter. I kommunestyremøte 26.09.24 vart det gjort følgjande vedtak: “ Tomta ved Førde barneskule vert valt som tomt for nytt omsorgssenter i Førde.”Les meir om byggeprosjektet nytt omsorgssenterSei di meining innan 25. aprilKommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining. Fristen for å sende inn innspel er 25. april.Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.Slik sender du innspelDu kan sende innspel i elektronisk i skjema:Send innspel til 25/1772Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 25/1772Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førdepostmottak@sunnfjord.kommune.no Publisert 05.03.2025 14.31