Nye Sande skuleSande barne- og ungdomsskule omfattar årsstega 1til 10 og ligg i Sande sentrum. Sande skule var bygd i 1967og har blitt bygd på i fleire steg fram til 2013. Ved siste utbygging vart det bygd ny Fleirbrukshall og rehabilitering av skuledelen i Fløy D med mindre tilbygg for supplerande læringsareal. Sande skule rommar per i dag omtrent 280 elevar og 45 tilsette. Vedtak om rehabilitering og utbygging I juni 2022 vedtok Sunnfjord kommunestyre at Sande skule skal rehabiliterast og byggjast ut. Målsettinga for prosjektet er å få tilrettelagd ei skule for 300 elevar og omtrent 50 tilsette. Det blir satsa på arealeffektive løysningar gjennom fleirbruk og sambruk av lokale. Skulen sine lokale skal planleggast og tilpassast for aktiviteter utanom kjernetid som for eksempel Kulturskuleundervisning. Les vedtak om rehabilitering og utbygging av Sande skule Teknisk tilstandsrapport Sweco AS og ARKI Arkitektar utførte ein teknisk tilstandsrapport i 2019 for eksisterande bygg med ei tilråding til Gaular kommune. Den tekniske rapporten konkluderte med at det i hovudsak er Fløy A, B, C og E som treng rehabilitering og utbetring. I utgangspunkt har skulen ein god og ryddig planstruktur, men det er behov for utbygging da det er arealmanglar knytt til garderobar, grupperom, lærararbeidsplassar og generelt gode fellesareal. Samla arealbehov for skule er estimert til å være omtrent til ca. 5000 m2. Les teknisk tilstandsrapport for Sande skule (PDF, 6 MB) Berekraftig utbygging Prosjektet på Sande skule skal gjennomførast så berekraftig som råd og er plukket ut som pilotprosjekt for Sirkulære Sunnfjord. Les om sirkulære Sunnfjord Tidslinje forprosjekt nye Sande skule Vedtak kommunestyre Juni 2022 Sunnfjord kommunestyre vedtok i juni 2022 utbygging og rehabilitering av Sande skule. Sjå vedtak Sande skule Førebuing av forprosjekt September 2022 Utlysing av konkurranse – forprosjekt Kunngjering av arkitektkonkurranse Desember 2022 Val av arkitekt Ti tilbydarar leverte anbod. HRP AS har total best samla score etter tildelingskriterie på pris, kompetanse og løysingsforslag. Sjå heile saka: 23/8704 - Sande skule - evaluering av tilbod og tildeling av tilbyder Prosjektnummer 170025 Januar 2023 Oppstart av forprosjekt Mars 2023 Brukarmedverknad Vi ha gjennomført ein tideleg brukarmedverknad på Sande skule med spørjeundersøking og workshop. Sjå presentasjon av workshop på Sande skule 8. mai (PPTX, 20 MB) Vår 2023 Ferdig forprosjekt Oktober 2023 Sist endra 11.05.2023 14.21