Bygstad idrett og fritidspark

Bygstad idrett og fritidspark er ein idrettshall som blir bygd på Svaberget i Bygstad, i nærleik til skule og barnehage. Hallen skal romme ei 64x40 meter stor fotballbane, 3 løpebaner, turn- og lengdegrop, hoppefelt og buldrevegg.  I bygget blir det også garderobeanlegg og foaje med kiosk.  Byggeprosjektet har diverre hatt nokre utfordringar med to konkursar for hovedentreprenør og framdrifta er 20 månadar forseinka. 

Uteområdet

Uteområdet blir levert ferdig asfaltert og planert med noko grøntområde. I tillegg blir det stilt område til disposisjon for ulike brukargruppe å utvikle.  Det er tale om akebakke, pumtrack sykkelbane og Tarzan Jungle. 

Prosjektet innehar også ein større parkeringsplass.  Parkeringsplassen skal også tene som parkering for skulen og kyrkja som er i nærleiken.

Økonomi

Heile prosjektet har ei kostnadsråme på 67 millionar kroner.   Momskompensasjon, spelemidlar og pengegåver  vil dekke omlag 40% av kostnaden.  Med to lengre byggestopp har byggetida dratt ut og prosjektet har komme inn i ei tid med stor prisvekst, noko som kan utfordre økonomien i prosjektet.  

Bilde frå anleggsområdet

​Sjå politisk behandling i tidlegare Gaular kommune

Bygstad idrett og fritidspark – tidslinje

Kontrakt om bygging av hall og uteområde

Kontrakt om bygging av hall og uteområde vart signert mellom  Gaular kommune og Hugaas AS.

 Desember 2019

Byggeløyve og oppstart

Sunnfjord kommune tok over prosjektet. 11. mai 2020 fekk Hugaas byggeløyve, og arbeidet vart sett i gong i juni

Juni 2020

Grunnarbeid

Grunnarbeid vart omfattande med utgraving av myr i 6 meters djupne i byggegrop.  Innfyllingsmassar vart henta frå fjell som vart sprengt ut i samband med opparbeiding av parkeringsplass. Grunnarbeidet var ferdig til at forskaling av grunnmur og byggearbeidet kunne starte i desember.

Desember 2020

Byggentreprenør Hugaas AS konkurs

Byggentreprenør Hugaas AS vart slått konkurs.  Det medførte ein lengre stopp i byggearbeidet.  

Desember 2020

Ny kontrakt

Støren Stål A/S gjorde avtale med konkursbuet og tiltredde kontrakta, arbeidet var sett i gong på nytt 18. mai 2021. Arbeidet hadde jamn flyt framover, men med nokre utfordringar med materialleveringar, som fylgje av Covid-situasjonen.  Det vart også funne forureina massar i grunnen, som måtte handterast.

Mai 2021

Stålkonstruksjon ferdig med veggar

Den 21. februar 2022 var stålkonstruksjon ferdig med veggar, og taktekking var så vidt i gang.  

Februar 2022

Byggenterprenør Støren Stål AS konkurs

Støren Stål AS var slått konkurs.  På ny vart prosjektet råka av byggestopp.

Februar 2022

Ny kontrakt

Tredje entreprenør kom på plass ved at Meteva AS v/Trond Mohn gjorde avtale med konkursbuet, og VIBØ AS tredde inn i opprinneleg kontrakt som entreprenør for prosjektet. Arbeidet starta opp att, og er no i god drift.  

September 2022

Tett bygg med innmonterte vindauger og dører

Mål om tett bygg med innmonterte vindauger og dører før jul 2022 vart nådd, samt ferdig asfaltert og planert uteområde.  Portar er snart montert, så då vert det fullt fokus på det innvendige arbeidet med innreiing og montering av utstyr.

Desember 2022

Hallen er ferdig

Etter ny framdriftsplan er det lagt opp til at hall skal stå ferdig før sommaren 2023.  Det er nesten to år etter det som først var planlagt. 

Juni 2023

Kontakt

Dag Inge Roska
Ass. einingsleiar bygg- og eigedomsforvaltning
E-post
Telefon 90 79 35 92
Ørjan Stubhaug
Einingsleiar
E-post
Telefon 57 81 61 23
Mobil 90 99 96 76