Restaurering og rekonstruksjon av Bestastova

Bestestova Astruptunet - Klikk for stort bilete T-2 Prosjekt AS Bestastova er den første bygningen ein møter i Astruptunet. Restaureringsarbeidet med Bestestova er kome langt, og arbeidet skal vere ferdig i løpet av 2022.

Dette veit vi om Bestastova

  • Huset er flytta til tunet frå garden Sunde, truleg sommaren 1926, for å ver bustad for Besta, svigermor til Astrup.
  • Bygningen bestod av ein lafta del og ein reisverksdel, samt eit bislag.
  • Bakre del av stova, som var i reisverk, blei tatt av ras i 1947 (årstall usikkert).
  • Laftedelen blei lappa samen etter raset. Alder på  panelen er uviss, men det er mykje av materialet som er gjenbrukt.   

Restaurering av Bestastova

Ved restaurering av Bestastova vart det bestemt at ein skulle løfte vekk laftebygningen. Det vart då lettare tilkomst for restaurering av fundamenta. På grunn av bratt og trangt terreng har det spart tid å restaurere den ein annan stad. bygningen vart løfta vekk utan å øydelegge vegetasjonen.       
Flytting av Bestastova - Klikk for stort bilete
Bestastova på veg tilbake på plass - Klikk for stort bilete
Bestastova på plass - Klikk for stort bilete

Stryn Betongelement AS løfta vekk Bestastova, og heisa den presist tilbake på plass 24. september 2021. Då med ny botnstokk, restaurert laftedel og tilbygg i reisverk. Det vog då 3,3 tonn.      

Restaurering foregår etter antikvariske prisnsipp   

  •   Berre skada treverk blir bytta ut.
  •   Dei fleste botnbjelkane i den gamle lafta delen måtte bytast, men nokon kunne vi beholde.
  •   Stokken i botnen er i heile bygget si lengde. Vi veit ikkje om det har vore slik, men det var nødvendig for å halde bygningen saman når vi skulle heise den tilbake.
  •   Gammal papp på veggane beheld vi som dokumentasjon.
  •   Ein del spor i bygningen gjev kunnskap til rettare rekonstruksjon.
  •   Arbeidet held fram med nytt tak, kledning, restaurering av vindu, bislag, pipe m.m

  Arbeidet går framover

     Bestastova under arbeid - Klikk for stort bileteBestastova under arbeid Erlend Slåtten  

 

 

   

 

 

 

 

 

Det går framover med restaureringsarbeidet med Bestastova. Dette bildet er frå desember 2021.

Bestastova skal vere ferdig restaurert i løpet av 2022, men noko av arbeidet kan bli utsett til 2023.     

Restaurering av Bestastova (PPTX, 5 MB)