Sunnfjord kommune

Korleis kan kommune og næring jobbe godt saman?

Korleis kan kommune og næring jobbe godt saman?

Vi inviterer til dialogmøte mellom Sunnfjord kommune, ved einingane Areal- og byggesak, Teknisk drift, Landbruk og miljø, og byggenæringa/andre brukargrupper. Bakgrunnen for møtet er eit felles ønske om gode kommunale tenester for næringslivet og god samhandling og kommunikasjon mellom partane.

Meld deg på så snart som mogleg. Her har du sjansen til å diskutere felles utfordringar.  

Meld deg på 

  • Tid: 28. mars 2023 kl. 18.00–20.00
  • Stad: 3. etasje Peak Sunnfjord

Kva vil vi?

Korleis kan Sunnfjord kommune og næring jobbe godt saman? Kva gjer dei aktuelle einingane for å bli meir brukarvenlege, og korleis kan vi betre forstå rollene våre? 

Vi vil skape:

  • betre opplevd kvalitet på møta våre
  • større grad av forståing og aksept mellom partane
  • fagleg framdrift og rask og god sakshandsaming

I møtet vil vi orientere om våre prosessar for å få dette til. Så vil vi diskutere korleis vi
skal jobbe vidare for å bli drivande gode!

Program:

  • 18.00–18.10: Velkomen ved kommunedirektør, Terje Heggheim. Dette er våre ambisjonar.
  • 18.10–18.45: Korleis har vi det i dag? Klar tale frå brukarar og tilsette.
    Orientering om prosessar vi har hatt om kommunikasjon mellom kommune og næring. Ved kommunalsjef, Jan-Inge Hage og einingsleiarane, Odd Harry Strømsli, Leif Halvor Kårstad og Joar Helgheim. 
  • 18.45–19.00: Kommentarar utan skylappar av entreprenør, Leif Arne Aasen. 
  • 19.00–19.15: Kaffepause/ -drøs. 
  • 19.15–19.45: Panelsamtale med spørsmål frå salen og diskusjon. 
  • 19.45–20.00: Oppsummering og vegen vidare. 

Møteleiar: Anne Mette Hjelle

Velkommen!

Kontakt

Odd Harry Strømsli
Einingsleiar Areal- og byggesak
E-post
Telefon 57 61 27 15
Mobil 41 47 67 10

Einingsleiar