Sunnfjord kommune

Klimaomstilling

Klimaomstilling

Smartare, tryggare og grønare

Klimaomstilling handlar ikkje berre om utsleppskutt, men også om samfunnsendring og korleis vi tilpassar oss til framtida.

I Sunnfjord kommune kan vi forvente meir nedbør, særleg i form av styrtregn, og meir flaum, skred og stormflo.

Redusere klimagassutsleppa med minst 40 % innan 2030

Dette er hovudmålet i Sunnfjord kommune sin klimaomstillingsplan for 2019-2030 (PDF, 11 MB). Saman med planen følgjer eit handlingsprogram (PDF, 4 MB) med 31 tiltak som kommunen vil prioritere dei første åra.

Arbeidet er i gang

Kommunen har etablert ei stilling som klima- og miljøkoordinator. Ei tverrfagleg klimagruppe skal sikre at klimaplanen blir følgt opp.

I Førde er fjernvarme under utbygging, med fornybar og kortreist energi frå fjorden til mellom anna Førdehuset, sentralsjukehuset, Sparkjøp, Plantasjen og Sunnfjord Hotel. Kommunen har sjølv mange store bygg som skular, barnehagar, sjukeheimar og kommunehus som er kartlagt med omsyn til energibruk. I 2020 skal kommunen fullføre ENØK-kartlegginga og finne fram til viktige og lønsame tiltak.

Kommunen skal bidra til å redusere transportbehovet og auke tal gåande, syklande og kollektivreisande gjennom samordna areal- og transportplanlegging. Arbeidet startar med ein strategi for klimavennleg og aktiv transport der gang- og sykkelnett og kollektivtilbodet blir analysert.  Tiltak i klimaomstillingsplanen blir samordna med noverande prosjekt som Sykkelbyen og Førdepakken. Framtidige nybygg ved sentralsjukehuset, Høgskulen på Vestlandet og i kommunen skapar nye transportmønster og –behov som vi også må ta høgde for.

Sunnfjord kommune er undervegs med kartlegging og vurdering av område for skog som vern mot skred, i første runde som pilotprosjekt. Kommunen held også på med kartlegging av friluftsområde, kritiske punkt i bekkar og bratte vassdrag, og flaumsoner i tettbygde strøk.

Føregangskommune og nye utviklingsprosjekt

I 2020 vil Sunnfjord kommune gå gjennom eiga verksemd. Kommunen er ein stor aktør og ønskjer å vere ein føregangskommune på grøne innkjøp der klimafotavtrykk, miljøfyrtårn og andre miljøstandardar vert lagt til grunn. Kommunen vil utarbeide klimarekneskap og klimabudsjett som ein del av økonomiplanarbeidet i 2020. Dette skal bidra til å talfeste potensiale for utsleppskutt ved konkrete tiltak, og kostnader ved tiltaka.

Næringslivet har ei svært sentral rolle i det grøne skiftet. Landbruksnæringa, teknologibedrifter og transportnæringa i sunnfjord har stort potensiale for å utvikle og ta i bruk klima- og miljøvenlege løysingar. Sunnfjord kommune vil støtte opp under grøne innovasjonsprosjekt, lokale verdikjeder og andre tiltak som kan føre til mindre utslepp, mindre forbruk og auka gjenbruk.

Klikk for stort bilete