Sunnfjord kommune

Fjordane interkommunalt politisk råd (FIPR)

Fjordane interkommunalt politisk råd (FIPR)

Saman med kommunane i Nordfjord og HAFS vil Sunnfjord kommune vere med å etablere Fjordane interkommunalt politisk råd (FIPR) frå 2022. Rådet vil arbeide med strategiske og politiske spørsmål i ein ny Vestland-region. 74 000 innbyggarar bur i området som rådet dekker!

Formål og samarbeidsområde

Rådet sitt føremål er å arbeide med saker av felles interesse for kommunane, fremme kommunane og regionen sine interesser overfor myndigheiter og andre premissleverandørar, avgi felles uttale i saker som er viktige for deltakarkommunane og regionen, og skape kreative arenaer der næringsliv, forsking og utdanningsmiljøa, og offentlege myndigheiter kan samhandle. Kommunane vil også samarbeide om interesser dei har som felles bu, arbeids,- og serviceområde.

Rådet vil særleg rette merksemda mot den regionale utviklarrolla og inngå som ein samarbeidsaktør med Vestland fylkeskommune, vise korleis vi kan vere med å balansera by/land-utfordringane, framheve moglegheiter og styrker lokalt, sikre regionale fagnettverk, og utfordre fylkeskommunen som arena for samarbeid mellom råda i Vestland.
Arbeidet i rådet vil vere basert på konsensus. 

Sunnfjord (SiS)

SiS vart etablert av kommunane Jølster, Gaular, Naustdal, Flora og Førde. Frå 2020 gjekk fire av desse saman til Sunfjord kommune medan kommunane Flora og Vågsøy etablerte Kinn kommune. SiS er frå 2022 lagt ned og arbeidet og satsinga flytta over til Fjordane interkommunalt politisk råd. 

Prøveprosjekt

FIPR  gjeld i første omgang som eit treårleg prøveprosjekt der vi testar ut korleis dette rådet vil kunne vere strategisk relevant, aktivt og synleg for regionen. Samstundes må rådet opptre innanfor ein større regional kontekst, først og fremst som ein viktig aktør i Vestland fylke, for å kunne nå nye felles mål. Rådet skal òg vere ein synleg nasjonal og internasjonal aktør.  
 

Kontaktperson

Frå Sunnfjord kommune vil Trond Ueland vere kontaktperson og delta i sekretariatet


 

Kontakt

Trond Ueland
Einingsleiar Næring og samfunnsutvikling
E-post
Telefon 57 61 27 05
Mobil 913 37 410